3. Mosebok 26

26
Velsigning og forbanning
1 # 2 Mos 20,3f; Sal 81,10 De skal ikkje laga dykk avgudar, ikkje reisa gudebilete eller steinstøtter og ikkje setja opp biletsteinar i landet dykkar og tilbe dei. For eg er Herren dykkar Gud. 2#2 Mos 20,8; 3 Mos 19,30 Sabbatane mine skal de halda, og heilagdomen min skal de ha age for. Eg er Herren.
3 # 25,18f; 5 Mos 11,13ff; 28,1ff Dersom de følgjer forskriftene mine og gjev akt på boda mine og held dei, 4#Jer 5,24+ vil eg gje dykk regn i rett tid. Jorda skal gje grøde og trea på marka frukt. 5#Am 9,13 Hos dykk skal treskjetida vara heilt til vinhausten, og vinhausten skal vara til kornet blir sådd. De skal eta dykk mette av eige brød og bu trygt i landet dykkar. 6#Sal 4,9; Esek 34,25 Eg vil gje fred i landet, og de skal leggja dykk utan at nokon skremmer dykk. Villdyra vil eg rydda ut or landet, og sverd skal ikkje herja i landet dykkar. 7De skal forfølgja fiendane, og dei skal falla for sverd framfor dykk. 8#5 Mos 32,30 Fem av dykk skal jaga hundre, og hundre skal jaga ti tusen. Fiendane skal falla for sverd framfor dykk. 9Eg vil venda meg til dykk og gjera dykk fruktbare og talrike; eg vil stå ved mi pakt med dykk. 10De skal eta det gamle kornet heilt til de må rydda det bort så de får plass til det nye. 11Eg vil reisa min bustad mellom dykk og ikkje ha avsky for dykk. 12#2 Mos 6,7; Jer 7,23; 30,22; 2 Kor 6,16 Eg vil ferdast midt mellom dykk. Eg skal vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk. 13#Esek 34,27 Eg er Herren dykkar Gud, som førte dykk ut frå Egypt så de ikkje skulle vera slavar for dei. Eg braut sund stengene på åket dykkar, og eg lét dykk gå rake.
14 # 5 Mos 28,15ff; Am 4,6ff Men om de ikkje vil høyra på meg og halda alle desse boda, 15om de vanvørder forskriftene mine og har avsky for lovene mine, så de ikkje held alle boda mine, men bryt mi pakt, 16då skal eg for min del gjera dette mot dykk: Eg straffar dykk med redsler, med tæring og feber, så auga sloknar og livskrafta kverv. Til inga nytte skal de så kornet dykkar; fiendane dykkar skal eta det. 17Eg vil venda meg mot dykk, og de skal bli slegne av fienden. Dei som hatar dykk, skal rå over dykk, og de skal rømma om ingen er etter dykk.
18Om de likevel ikkje høyrer på meg, skal eg tukta dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar. 19#5 Mos 11,17 Eg knuser den stolte makta dykkar. Himmelen over dykk lèt eg bli som jern og jorda under dykk som bronse. 20De skal bruka opp kreftene til inga nytte, for landet dykkar skal ikkje gje si grøde, og trea i landet skal ikkje bera frukt.
21Om de set dykk opp mot meg og ikkje vil høyra på meg, slår eg dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar. 22#Esek 14,15 Eg sender ville dyr mot dykk. Dei skal røva borna dykkar, drepa feet og gjera dykk få i talet, så vegane dykkar blir aude.
23Om de ikkje lèt dykk tukta av dette, men set dykk opp mot meg, 24då vil eg for min del setja meg opp mot dykk og slå dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar. 25Eg sender mot dykk eit sverd som hemnar paktbrotet. Om de samlar dykk i byane, sender eg pest inn mellom dykk, og de skal gjevast over i fiendehand. 26#Esek 14,13#26,26 brødstaven ein stav som dei ringforma brøda vart opphengde på til vern mot skadedyr. bryt sund brødstaven bilete på svolt. Jf. Sal 105,16; Esek 4,16; 14,13. Når eg bryt sund brødstaven for dykk, skal ti kvinner steikja brød i ein og same omnen. Dei skal gje dykk brødet etter vekt, og de skal eta, men ikkje bli mette.
27Dersom de likevel ikkje høyrer på meg, men set dykk opp mot meg, 28då vil eg for min del setja meg opp mot dykk i vreide og tukta dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar. 29#5 Mos 28,53; Jer 19,9 Då skal de eta kjøtet av dykkar eigne søner og døtrer. 30#Esek 6,4f Eg øyder offerhaugane dykkar, gjer ende på røykjelsesaltara og kastar lika av dykk opp på dei livlause avgudane dykkar; for eg har avsky for dykk. 31Eg gjer byane dykkar til ruinar og legg heilagdomane i røys. Eg vil ikkje lukta godangen frå offera dykkar. 32#Jer 25,9 Eg gjer landet audt så fiendane som bur der, blir fælne. 33#5 Mos 28,64ff; Jer 9,16 Men dykk vil eg spreia mellom folkeslaga, og med sverd i hand vil eg forfølgja dykk. Landet dykkar skal bli til øydemark og byane til ruinar. 34#25,4#26,34 sabbatsåra Jf. 25,2ff. Då skal landet ta att sabbatsåra sine, heile den tida det ligg i øyde, medan de er i fiendelandet. Ja, då skal landet kvila og ta att sabbatsåra. 35#2 Krøn 36,21 Så lenge det ligg audt, skal det kvila. Då skal det få den kvila det ikkje fekk i sabbatsåra, medan de budde der. 36Og dei av dykk som er att, vil eg gjera redde der ute i fiendelandet, sjølv lyden av fykande lauv skal jaga dei. Dei skal rømma som ein rømmer for sverdet og falla endå ingen forfølgjer dei. 37#5 Mos 32,30; Jes 30,17 Den eine skal snåva over den andre, som om sverd var etter dei, endå ingen forfølgjer dei. De skal ikkje stå dykk mot fienden, 38men gå til grunne mellom folkeslaga; fiendelandet skal fortæra dykk. 39Og dei av dykk som enno er att, skal tærast bort i fiendelandet fordi dei har synda. Ja, dei skal òg tærast bort fordi fedrane deira synda.
40 # 5 Mos 4,30; 30,1ff; Dan 9,4ff Då skal dei sanna skulda si og skulda til fedrane. Dei var trulause og sette seg opp mot meg. 41#26,41 det uomskorne hjartet deira Omskjeringa, som var det ytre teiknet på pakta med Gud (1 Mos 17,10), blir stundom nytta til bilete på at hjartet er omvendt. Jf. 5 Mos 10,16; 30,6; Jer 4,4. Difor vil eg òg setja meg opp mot dei og føra dei til fiendeland. Då skal det uomskorne hjartet deira audmjuka seg, og dei skal få bøta for synda si. 42#2 Mos 2,24; 2 Kong 13,23+; Luk 1,72 Så vil eg koma i hug mi pakt med Jakob. Pakta med Isak og pakta med Abraham vil eg òg koma i hug. Eg vil koma landet i hug. 43Men landet skal bli forlate av dei og ta att sabbatsåra sine medan det ligg audt etter dei. Og dei må bøta for si skuld fordi, ja, fordi dei vanvørde lovene mine og hadde avsky for forskriftene mine. 44Men likevel vil eg ikkje forakta dei og ha avsky for dei når dei er i fiendeland. Eg vil ikkje gjera ende på dei og ikkje bryta mi pakt med dei. For eg er Herren deira Gud. 45Til beste for dei vil eg koma i hug pakta med forfedrane, som eg førte ut frå Egypt midt for auga på folkeslaga fordi eg ville vera deira Gud. Eg er Herren.
46Dette er dei forskriftene, boda og lovene som Herren fastsette mellom seg og israelittane på Sinai-fjellet gjennom Moses.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring