Klagesongane 1

1
Første song
Alef
א
1 # Jes 54,4 # 1,1 Klag 1–4 er alfabetiske dikt. Kvart vers tek til med ein ny bokstav i det hebr. alfabetet. byen Jerusalem, skildra som ei kvinne. Klagesongane skildrar ulukka som ramma byen då han vart hærteken av babylonarane i 587 f.Kr. og ein del av folket vart ført i fangenskap. Einsam sit ho,
den folkerike byen.
Ho har vorte enkje,
den store mellom folka.
Dronninga mellom landa
har vorte slave.
Bet
ב
2 # Jer 9,17 # 1,2 elskarane framande folk som Juda har søkt støtte hos. Ho græt om natta,
kinnet er vått av tårer.
Ingen av elskarane
trøystar henne.
Venene har svike,
dei har vorte fiendar.
Gimel
ג
3 # 5 Mos 28,65 Juda drog i eksil
etter naud og slaveri.
Ho bur mellom folka,
finn ikkje kvile.
Dei som jaga, tok henne att
der det var trongast.
Dalet
ד
4 # Jes 3,26; Jer 14,2 Vegane til Sion sørgjer,
ingen kjem til festane.
Byportane ligg aude,
prestane sukkar.
Ungjentene klagar,
sjølv har ho bitter sorg.
He
ה
5 # 5 Mos 28,43f Motstandarane har vorte herrar,
fienden lever trygt.
Herren har late henne lida
for hennar mange synder.
Fienden dreiv småborna
framfor seg som fangar.
Waw
ו
6Dotter Sion mista
all si prakt.
Hovdingane hennar likna hjortar
som ikkje finn beite.
Kraftlause gjekk dei
framfor han som jaga.
Zajin
ז
7Jerusalem minnest, heimlaus, i naud,
fortids prakt.
Folket fall for fiendehand,
ingen hjelpar fanst.
Fienden såg på og lo
medan ho gjekk under.
Het
ח
8 # Esek 16,37 Jerusalem har synda grovt,
difor er ho urein.
Alle som æra henne,
foraktar henne,
dei har sett henne naken.
Ho stønnar og snur seg bort.
Tet
ט
9 # Jes 47,7; Luk 19,42 Ureinskapen viste på kappa,
ho tenkte ikkje det skulle enda slik.
Djupt sokk ho,
ingen trøysta henne.
Herre, sjå mi naud,
fienden triumferer!
Jod
י
10 # 5 Mos 23,3; Neh 13,1; Sal 79,1; Apg 21,28 Fienden greip
etter skattane hennar.
Ho såg folkeslaga
gå inn i heilagdomen,
dei du nekta å koma
inn i di forsamling.
Kaf
כ
11Alt folket hennar stønnar
medan dei leitar etter brød.
Dei byter skattar mot mat
for å berga livet.
Sjå, Herre, sjå hit!
Eg er forakta.
Lamed
ל
12 # Dan 9,12 Sjå hit,
de som går forbi på vegen.
Finst det ei smerte som mi,
den som har råka meg?
Den lèt Herren meg lida
på sin brennande vreidedag.
Mem
מ
13Han sende eld frå det høge,
lét han herja i knoklane mine.
Han sette ut nett for føtene
og lét meg vika tilbake.
Han har gjort meg til ei øydemark,
heile tida er eg sjuk.
Nun
נ
14 # Sal 38,5 Med handa knytte han syndene mine i hop,
dei vart bundne saman til eit åk.
Dei låg over nakken på meg,
og kreftene svikta.
Herren gav meg i hendene
på folk eg ikkje kunne stå meg imot.
Samek
ס
15 # 2 Krøn 36,17; Jes 63,3; Op 19,15 Herren vraka
alle mine krigarar.
Han ropa ut for meg ei høgtid
då mine unge menn skulle knusast.
I vinpressa trakka Herren ned
jomfrua, dotter Juda.
Ajin
ע
16 # Jer 9,1; 14,17 Difor græt eg,
tårene strøymer frå auga.
Den som kan trøysta og berga mitt liv,
er langt borte frå meg.
Borna mine ligg forlatne,
fienden var for sterk.
Pe
פ
17Sion rette ut hendene,
ingen trøysta henne.
Herren gav påbod om Jakob,
fienden omringa han.
Då vart Jerusalem
urein for dei.
Tsade
צ
18 # Dan 9,7ff Herren er rettferdig.
Eg hadde trassa det han sa.
Høyr då på meg, alle folk,
sjå kor eg lid!
Unge jenter og gutar
måtte gå i fangenskap.
Qof
ק
19 # 1,2.11 Eg ropa på elskarane mine,
dei sveik meg.
Prestane mine og dei eldste
døydde i byen.
Dei leita etter mat
så dei kunne berga livet.
Resj
ר
20 # 5 Mos 32,25; Jer 4,19; 9,21 Sjå, Herre, eg er i naud.
Magen er uroleg,
hjartet vrid seg.
For eg var full av trass.
Ute har sverd gjort meg barnlaus,
inne rår døden.
Sjin
ש
21 # Jer 51,35 Dei høyrer at eg sukkar,
ingen trøystar meg.
Alle fiendar høyrer om mi ulukke og gleder seg.
Men det var du som stod bak.
Dagen du ropa ut, lét du koma.
Men det skal gå med dei som med meg.
Taw
ת
22Du må merka deg
all deira vondskap!
Gjev dei att slik du gav meg att
for alle syndene mine.
For sukkane er mange,
og hjartet mitt er sjukt.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring