Klagesongane 2

2
Andre song
Alef
א
1 # 2,1 Sin fotskammel truleg paktkista. Jf. Sal 132,7. I vreide dekkjer Herren
dotter Sion med mørke skyer!
Han har kasta Israels prydnad
frå himmelen ned på jorda.
Sin fotskammel kom han ikkje i hug
på sin vreidedag.
Bet
ב
2 # 5 Mos 28,52 Herren slukte beitemarkene i Jakob,
han sparte ingen av dei.
I sinne reiv han ned
kvar festning hos dotter Juda,
jamna dei med jorda,
vanæra riket og hovdingane.
Gimel
ג
3 # 4,11 I brennande vreide hogg han av
kvart horn i Israel.
Han heldt høgre handa tilbake
då fienden kom.
I Jakob brann han som ein flammande eld
som øydde alt omkring seg.
Dalet
ד
4 # Sal 7,13 Som fienden spente han bogen,
stod klar med si høgre hand,
som motstandaren drap han
alt som gav auget glede.
Han auste harme ut som eld
over teltet til dotter Sion.
He
ה
5Herren vart ein fiende.
Han slukte Israel,
slukte alle borgene,
gjorde ende på festningane
og dunga dotter Juda ned
med sorg og sut.
Waw
ו
6Han raserte si hytte
som ein snøyer ein hage,
gjorde ende på høgtidsstaden.
Herren lèt høgtid og sabbat bli gløymde i Sion.
I harme og vreide har han
forakta konge og prest.
Zajin
ז
7 # Sal 74,4; 89,40f Herren støytte sitt altar bort,
vraka sin heilagdom.
Borgmurane i byen
gav han i fiendens hender.
Dei ropa høgt i Herrens hus
som på ein høgtidsdag.
Het
ח
8 # Jes 34,11 Herren sette seg føre
å øydeleggja muren rundt dotter Sion.
Han strekte målesnora og reiv ned,
lét ikkje handa liggja.
Slik lét han voll og mur sørgja.
Begge fall.
Tet
ט
9 # Sal 74,9 Portane har sokke i jorda.
Bommane har han brote sund.
Konge og stormenn er i framandt land.
Det finst inga lov,
sjølv ikkje profetane
får syn frå Herren.
Jod
י
10 # Jer 6,26 # 2,10 støv på hovudet … sekkestrie teikn på sorg. Jf. 1 Mos 37,34; 1 Sam 4,12; Job 2,12. =sørgjeskikkar. Dei eldste i Sion
sit tause på jorda.
Dei har kasta støv på hovudet,
kledd seg i sekkestrie.
Jentene i Jerusalem
bøyer hovudet mot jorda.
Kaf
כ
11 # 1,2; 4,4 Auga er såre av gråt,
magen er uroleg,
gallen er helt ut på jorda.
Folket, mi dotter, er knust,
småborn og spedborn forgår
på gatene i byen.
Lamed
ל
12Dei spør mødrene sine:
«Kvar er brød og vin?»
Dei sig om som var dei såra
på gatene i byen,
livet ebbar ut
på mors fang.
Mem
מ
13 # Jer 15,18; 30,12 Kva skal eg seia til deg,
kva liknar du, dotter Jerusalem?
Kva skal eg likna deg med, dotter Sion,
for å trøysta deg, unge jente?
Skaden din er stor som havet,
kven kan lækja deg?
Nun
נ
14 # Jer 5,31; 14,14–16; 23,16.21; 29,9; Esek 13,6ff Det profetane dine såg,
var berre løgn og blendverk.
Dei viste deg ikkje di skuld,
vende ikkje din lagnad.
Bodskapen deira kom frå
falske, forførande syn.
Samek
ס
15 # Sal 50,2; Jer 18,16; 19,8 Alle som går forbi deg,
slår hendene saman,
dei plystrar og rister på hovudet
av dotter Jerusalem.
Var det om denne byen folk sa:
Fullkomen i venleik, ei glede for heile jorda?
Pe
פ
16Alle fiendar
gapar mot deg.
Dei plystrar hånleg og skjer tenner.
Dei seier: Vi har slukt henne.
Dette er dagen vi venta på;
endeleg fekk vi sjå han!
Ajin
ע
17 # 5 Mos 28,15 Herren har gjort som han tenkte,
han har oppfylt ordet sitt,
det han har kunngjort frå gammal tid.
Han reiv ned utan skånsel,
lét din motstandar gleda seg
og lyfte hornet til fienden.
Tsade
צ
18Hjartet ropar til Herren.
Lat tårene renna som bekker,
du mur rundt dotter Sion,
både dag og natt!
Unn deg ikkje kvile,
lat ikkje auget få ro!
Qof
ק
19 # 3,41 Stå opp, rop høgt om natta,
rop ved kvar nattevakt.
Aus hjartet ditt ut som vatn
for Herrens andlet.
Lyft hendene til han
for livet til småborna dine,
som forgår av svolt
på alle gatehjørne.
Resj
ר
20 # 5 Mos 28,53ff; Jer 19,9; Klag 4,10 Sjå, Herre,
sjå kven du har gjort dette med!
Skal kvinner eta borna sine,
småborna dei ber på armen?
Skal prest og profet bli drepne
i Herrens heilagdom?
Sjin
ש
21Unge og gamle ligg
på bakken ute i gatene.
Mine unge jenter og gutar
har falle for sverd.
Du drap dei på din vreidedag,
du slakta utan skånsel.
Taw
ת
22Slik du samlar folket ein høgtidsdag,
kalla du saman redsler frå alle kantar.
Ingen slapp unna, ingen overlevde
Herrens vreidedag.
Dei eg hadde bore og fostra,
gjorde fienden ende på.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring