Job 30

30
Mi lyre er stemd for sørgjesong
1Men no ler dei av meg,
dei som er yngre av år,
med fedrar som eg nekta
plass blant gjetarhundane mine:
2«Kva nytte har eg av hendene deira?
Dei har mista si manndomskraft.
3Naud og svolt har gjort dei ufruktbare.
Dei går og gneg på tørre moar
som alt i går var aude og snaue.
4 # 30,4 melde plante som veks på tørre stader. Blada har ein beisk smak; dei vart kokte og brukte som grønsaker. gyvelbusken busk som veks i ørkenen. Dei plukkar melde i krattet
og et røter av gyvelbusken.
5Dei blir drivne ut av leiren,
folk ropar etter dei som etter ein tjuv.
6I ville kløfter held dei til,
i jordhòler og grotter.
7Dei skrik som esel i krattet
og klyngjer seg saman mellom tistlar,
8born av dårar, av folk utan namn,
kjeppjaga ut av landet.»
9 # 17,6; Sal 69,12f; Klag 3,14 Men no er eg spottevisa deira,
det er meg dei sladrar om.
10 # 4 Mos 12,14; Sal 31,12; 44,14 Dei avskyr meg og vik unna meg,
openlyst spyttar dei på meg.
11Gud løyste bogestrengen min og knekte meg.
Difor er dei utan hemningar når dei møter meg.
12Avkomet deira reiser seg på høgre sida,
dei spenner føtene under meg
og banar veg for ulukka.
13Dei bryt opp stigen min,
dei skor seg på mi ulukke,
dei som sjølve ingen hjelpar har.
14Dei kjem som gjennom ei vid rivne,
mellom ruinar velter dei fram.
15Redsler kastar seg over meg,
dei jagar mi ære som vinden,
redninga blæs bort som ei sky.
16For no er mi livskraft tømd ut,
lidings dagar har gripe meg.
17Natta går gjennom merg og bein,
verken gneg utan stans.
18 # 7,5 # 30,18 Tydinga av den hebr. teksten er usikker. Med stor kraft gjennomsøkjer han kleda mine,
hendene hans snører kjortelen om meg.
19Så kastar han meg i søla,
eg er som støv og oske.
20 # 19,7; Sal 22,3; Klag 3,8; Hab 1,2 Eg ropar til deg om hjelp, men du svarar ikkje.
Eg står der, og du berre ser på meg.
21Du har snudd om og vorte vond mot meg,
Med di veldige hand går du til åtak.
22Du set meg til å ri på stormen,
braket gjer meg skjelven.
23 # Jos 23,14; 1 Kong 2,2 Eg veit du fører meg i døden,
til huset som samlar alt levande.
24Retter ikkje folk ut handa når alt sig i røys?
Ropar dei ikkje om hjelp når dei går under?
25 # Sal 35,13f; Rom 12,15 Gret ikkje eg over dei som hadde tunge dagar?
Sørgde eg ikkje over dei fattige?
26 # 2,10; 3,9; Jer 8,15; Am 5,20 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom,
eg venta på lys, og det vart mørker.
27 # 3,25f Det koker i meg, ustanseleg.
Eg har møtt trengsles dagar.
28Eg går omkring i sorg, utan ein gløtt av sol.
Eg står fram i forsamlinga og ropar om hjelp.
29 # Mi 1,8 Eg har vorte ein bror av sjakalar,
held lag med strutsar.
30 # Klag 4,8 Huda er svart over heile meg,
og knoklane brenn av hete.
31 # Klag 5,15 Mi lyre er stemd for sørgjesong,
og fløyta gjev lyd til gråt.

Markert nå:

Job 30: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring