Job 31

31
Har eg krenkt retten?
1 # Matt 5,28f Eg gjorde ein avtale med auga mine
at eg ikkje skulle sjå på noka jente.
2Kva del fekk eg elles av Gud i himmelen,
kva arv frå Den veldige i det høge?
3Kjem ikkje uhell til den som gjer urett,
rammar ikkje ulukke den som gjer vondt?
4 # 34,21+ Ser ikkje han min veg,
tel han ikkje kvart steg?
5Har eg ferdast i løgn?
Har føtene hasta til svik?
6 # Sal 17,3–5; 44,18f Lat Gud vega meg på rettferds vekt,
så vil han forstå at eg er uskuldig.
7 # Sal 7,4ff Om stega mine bøygde av frå vegen,
om hjartet følgde der auga flyg,
om hendene vart ureine,
8så lat andre få eta det eg har sådd,
lat spirene mine bli rykte opp med rota.
9Om hjartet lét seg lokka av noka kvinne
og eg låg på lur ved døra til min neste,
10så kan kona mi mala korn for ein annan
og andre få bøya seg ned over henne!
11 # 5 Mos 22,22 For det ville vera vondskap,
ein urett som fortener straff,
12ein eld som et seg ned til avgrunnen,
utryddar alt som veks etter meg.
13Krenkte eg retten når eg hadde sak
med slaven eller slavekvinna mi,
14kva skulle eg då gjera når Gud reiste seg?
Når han forhøyrde meg, kva skulle eg svara?
15 # 34,19; Sal 139,13–15; Ordt 22,2 Han som laga meg i mors liv,
har òg laga den andre.
Den same danna oss i morslivet.
16 # 29,16 Har eg nekta fattige det dei ønskte,
sløkt gløden i auga til enkjer?
17Åt eg alt brødet sjølv
så ikkje farlause fekk mat?
18Nei, frå eg var ung, har eg vore som ein far for dei,
frå første stund tok eg meg av enkjer.
19Kunne eg sjå folk bukka under fordi dei ikkje hadde klede,
at den fattige mangla noko å kle seg med?
20Velsigna han meg ikkje
for varm ull frå lamma mine?
21 # Sal 82,3 Har eg lyft handa mot ein farlaus
når eg såg at eg fekk medhald i retten?
22Då vil skuldra losna frå nakken
og armen gå ut or ledd.
23 # 3,25 For Guds ulukker skremmer meg,
eg kan ikkje stå meg imot hans velde.
24 # 22,24f; Sal 52,9; 62,11; 1 Tim 6,17 Har eg sett mi lit til gull,
sagt til det edle metallet: «Eg stolar på deg»?
25 # Luk 12,16ff Har eg gledd meg fordi rikdomen auka,
fordi eg fekk hand om så mykje?
26Har eg, når sola stråla fram
og månen steig i sin glans,
27 # 5 Mos 4,19+; Esek 8,16 # 31,27 helsa … handkyss kanskje for å hylla dei som gudar. late meg hemmeleg lokka
til å helsa dei med handkyss?
28 # 5 Mos 17,3ff Nei, det er ein urett som fortener straff;
då ville eg ha fornekta Gud i det høge.
29 # Ordt 24,17 Har eg gledd meg over fiendens undergang,
fryda meg når ulukka ramma han?
30 # 1 Kong 3,11 Eg lét ikkje munnen synda slik
at eg forbanna nokon og ønskte han død.
31Dei som budde i mine telt, sa då:
«Alle blir metta av kjøtet på hans bord.»
32 # Rom 12,13; Hebr 13,2 Ein innflyttar overnatta aldri ute;
døra mi var alltid open.
33 # Sal 32,5; Jak 5,16 # 31,33 slik folk gjer eller «som Adam». Har eg løynt mi synd, slik folk gjer,
gøymt mi ugjerning ved barmen
34fordi eg frykta mengda,
var knust av forakt frå slektningar
så eg tagde og ikkje gjekk ut?
35Om berre nokon ville høyra på meg!
Sjå, her er mi underskrift, lat no Den veldige svara meg!
Om berre motparten min sette opp eit skriv!
36 # 5 Mos 6,8 Då ville eg bera det på skuldrene mine,
binda det som ein krans om hovudet!
37 # 23,10f Eg vil gjera rekneskap for alle mine steg,
tre fram for han som ein fyrste.
38Om åkeren min skrik mot meg
og alle plogfòrene græt,
39har eg ete åkerens kraft utan vederlag
og blåse ut livet for jordeigaren,
40 # 1 Mos 3,18f så lat det koma opp tornar i staden for kveite
og ugras i staden for bygg!
Jobs tale er fullført.

Markert nå:

Job 31: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring