Jeremia 25
N11NN

Jeremia 25

25
Slavar for kongen av Babel
1 # 36,1 Dette ordet kom til Jeremia om heile folket i Juda i det fjerde året Jojakim, son til Josjia, var konge i Juda, det vil seia det første året Nebukadnesar var konge i Babel, 2og profeten Jeremia sa det til heile folket i Juda og alle som budde i Jerusalem:
3 # 1,2f Frå det trettande året Josjia, son til Amon, var konge i Juda og til denne dag, i tjuetre år, har Herrens ord kome til meg. Seint og tidleg har eg tala til dykk, men de ville ikkje høyra. 4#7,13+ Seint og tidleg sende Herren alle sine tenarar, profetane, til dykk, men de ville ikkje høyra. De vende ikkje øyra til for å høyra når 5#2 Kong 17,13; Jer 18,11; 35,15; Sak 1,4 dei sa: Vend om, kvar frå sin vonde veg og sine vonde gjerningar, så skal de til alle tider få bu på den jord som Herren gav dykk og fedrane dykkar. 6#5 Mos 8,19; Jer 7,6; 35,15 De skal ikkje følgja andre gudar, ikkje tena dei og ikkje tilbe dei. De skal ikkje gjera meg rasande med det dykkar eigne hender har laga. Då skal eg ikkje skada dykk. 7#2,17 Men de ville ikkje høyra på meg, seier Herren. De gjorde meg rasande med det dykkar eigne hender har laga, til skade for dykk sjølve.
8Difor seier Herren over hærskarane: Fordi de ikkje høyrde på mine ord, 9#27,6; 43,10 sender eg no bod og hentar alle slektene i nord, seier Herren, og kong Nebukadnesar av Babel, tenaren min. Eg lèt dei koma over dette landet og alle som bur i det, og over alle folkeslaga ikring. Eg slår dei med bann og utslettar dei, eg legg dei aude, gjer dei til spott og til evige ruinar. 10#7,34+ Hos dei gjer eg ende på lyden av jubel og glede, røysta til brudgom og brur, lyden av handkvern og lyset frå lamper. 11#2 Krøn 36,21f; Esra 1,1; Jer 29,10; Dan 9,2; Sak 1,12#25,11 sytti år rundt tal for kor lenge det nybabylonske riket skulle halda seg. Persarkongen Kyros hærtok Babel i 539 f.Kr. Heile dette landet skal bli til ruin og ørken, og desse folkeslaga skal gjera slavearbeid for kongen av Babel i sytti år.
12Så, når sytti år er gått, vil eg straffa kongen av Babel og heile folket der for deira synd, seier Herren, og eg vil straffa kaldearlandet; eg gjer det til ein ørken for alltid. 13Alt eg har sagt om dette landet, lèt eg koma over det, alt som er skrive i denne boka, og som Jeremia har forkynt mot alle folkeslaga, 14for dei òg må gjera slavearbeid for mektige folkeslag og store kongar. Slik løner eg dei for gjerningane deira og for deira henders verk.
Vreidevinen
15 # Jes 51,17; Jer 49,12; 51,7; Hab 2,16; Op 14,10; 16,19 Dette sa Herren, Israels Gud, til meg: Ta dette begeret med vreidevin frå mi hand og skjenk av det til dei folkeslaga eg sender deg til. 16Dei skal drikka og raga og rasa fordi eg sender sverd mellom dei.
17Då tok eg begeret frå Herrens hand og skjenkte til alle folkeslaga han sende meg til: 18Jerusalem og byane i Juda, kongane og stormennene der, så dei skulle bli til ruin og øydemark, til spott og forbanning, slik det er i dag; 19farao, kongen i Egypt, tenarane og stormennene hans og heile folket hans, 20#25,20 Us ukjent landområde som i Klag 4,21 blir sett i samband med Edom. Jf. Job 1,1. og alt blandingsfolket; alle kongane i Us, alle kongane i filistarlandet, Asjkalon, Gaza, Ekron og dei som er att i Asjdod; 21Edom, Moab og Ammon, 22alle kongane i Tyros og Sidon og kongane frå fjerne kystar på andre sida av havet; 23#9,26#25,23 Dedan, Tema og Bus landområde i Nord-Arabia. Jf. Jes 21,13f. kortklipt hår >9,26. Dedan, Tema og Bus og alle som har kortklipt hår ved tinningen; 24alle arabarkongane og alle kongane over blandingsfolka som bur i ørkenen; 25#25,25 Simri, Elam og Media Simri er ukjent, Elam og Media er område i Persia, aust for Babel. alle kongane i Simri, Elam og Media; 26#25,26 Sjesjak Namnet er ei omskriving for Babel. alle kongane i nord, både nære og fjerne, den eine etter den andre, ja, alle kongerika som finst utover jorda. Til sist skal òg kongen i Sjesjak drikka.
27 # 51,7 Du skal seia til dei: Så seier Herren over hærskarane, Israels Gud: Drikk til de blir fulle og spyr! De skal falla for sverdet eg sender imellom dykk og ikkje reisa dykk att. 28Men om dei nektar å ta begeret frå di hand og drikka, skal du seia til dei: Så seier Herren over hærskarane: Drikka skal de! 29#49,12 Sjå, først sender eg ulukke over byen som namnet mitt er nemnt over. Og så skulle de sleppa straff! Nei, de skal ikkje sleppa. For eg kallar på sverdet og sender det mot alle som bur på jorda, seier Herren over hærskarane.
Høyr korleis gjetarane skrik
30 # Jes 16,9f; 63,2f; Jer 48,33; Joel 3,21; Am 1,2 Du skal profetera for dei med alle desse orda. Du skal seia til dei:
Herren skal brøla frå det høge,
la røysta ljoma frå sin heilage bustad.
Han brøler over si beitemark,
ropar lik folk som trakkar druer,
til alle som bur på jorda.
31 # Jes 34,2; 66,16; Jer 12,1.12 Lyden når til enden av jorda.
For Herren fører sak mot folka,
alt som lever, stemner han for retten,
dei lovlause gjev han over til sverdet,
seier Herren.
32Så seier Herren over hærskarane:
Ei ulukke skal spreia seg
frå folkeslag til folkeslag.
Ein sterk storm bryt laus
frå ytste enden av jorda.
33 # 9,22+ Den dagen skal det liggja menneske som Herren har drepe, frå den eine enden av jorda og til den andre. Dei får inga sørgjehøgtid, dei skal ikkje bli samla eller gravlagde, dei skal bli til gjødsel på jorda.
34Klag og skrik, de gjetarar,
velt dykk i støvet,
de herrar over flokken!
For no er tida komen då de skal slaktast.
De skal spreiast
og falla som kostesame kar.
35 # Am 2,14 Gjetarane klarer ikkje å flykta,
det er inga berging
for dei som er herrar over flokken.
36Høyr korleis gjetarane skrik
og herrane over flokken klagar!
For Herren herjar beita deira,
37fredelege beitemarker ligg aude
fordi Herren er brennande vreid.
38Som ungløva har han forlate si gøymsle.
For landet dykkar blir lagt audt
av det herjande sverdet
og av hans brennande vreide.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk