Jeremia 26

26
Tempeltalen
1I byrjinga av regjeringstida til Juda-kongen Jojakim, son til Josjia, kom dette ordet frå Herren: 2#7,2 Så seier Herren: Still deg i føregarden til Herrens hus og tal til alle byane i Juda som kjem for å tilbe i Herrens hus. Du skal seia alle dei orda eg byd deg å seia til dei, og ikkje trekkja frå eit einaste ord! 3#18,8+; 26,19; 36,3.7; Esek 18,21ff; Jona 3,10 Kanskje dei då ville høyra og venda om frå sine vonde vegar. Då vil eg angra det vonde som eg hadde tenkt å gjera mot dei på grunn av dei vonde gjerningane deira. 4#5 Mos 28,15 Du skal seia til dei: Så seier Herren: Dersom de ikkje vil lyda meg og følgja den lova eg har lagt fram for dykk, 5#7,13ff og høyra på orda til tenarane mine, profetane som eg har sendt dykk seint og tidleg, endå de ikkje vil høyra, 6#26,9#26,6 Sjilo >7,12. så skal eg gjera med dette huset som med Sjilo, og denne byen skal eg gjera til forbanning for alle folkeslag på jord.
7Prestane og profetane og alt folket høyrde Jeremia seia desse orda i Herrens hus. 8Og då Jeremia hadde sagt til folket alt det Herren hadde påbode han å seia, greip prestane og profetane og alt folket han og sa: «Du skal døy! 9Kvifor har du profetert i Herrens namn og sagt: Det skal gå med dette huset som med Sjilo, og denne byen skal leggjast i ruin så ingen kan bu her?» Og alt folket samla seg ikring Jeremia i Herrens hus.
10Då leiarane i Juda fekk høyra om dette, kom dei opp frå kongens slott til Herrens hus og sette seg attmed inngangen til den nye porten. 11#Matt 26,66; Mark 14,64 Prestane og profetane sa til leiarane og til alt folket: «Denne mannen må dømmast til døden, for han har profetert mot byen vår, slik de har høyrt det med eigne øyre.»
12Men Jeremia sa til alle leiarane og til alt folket: «Herren har sendt meg for å profetera mot dette huset og denne byen med alle dei ord de har høyrt. 13#7,3; 18,8 Og no, gjer vegane og gjerningane dykkar gode og lyd Herren dykkar Gud. Då vil Herren angra det vonde han har truga dykk med. 14Men eg, sjå, eg er i dykkar hender. Gjer med meg slik det er rett og godt i dykkar auge. 15#7,6; Jona 1,14; Matt 23,35; 27,24f Men det skal de vita at om de drep meg, fører de uskuldig blod både over dykk sjølve og over denne byen og dei som bur der. For Herren har sanneleg sendt meg til dykk så eg skulle seia alle desse orda medan de høyrde på.»
16Då sa leiarane og alt folket til prestane og profetane: «Denne mannen må ikkje dømmast til døden, for han har tala til oss i Herren vår Guds namn.» 17Og nokre av dei eldste i landet stod opp og sa til alt folket som var samla: 18#9,11; Mi 3,12 «Mika frå Moresjet, som profeterte i dei dagane då Hiskia var konge i Juda, sa til alt folket i Juda: Så seier Herren over hærskarane:
Sion skal pløyast til åker,
Jerusalem skal bli til ruin
og tempelberget til haugar dekte av skog.
19Men drap Juda-kongen Hiskia og alt folket i Juda han for det? Nei, kongen frykta Herren og bad om velvilje for hans andlet. Då angra Herren det vonde han hadde truga dei med. Skal då vi gjera så mykje vondt mot oss sjølve?»
20Det var òg ein annan mann som profeterte i Herrens namn, Uria, son til Sjemaja, frå Kirjat-Jearim. Han profeterte mot denne byen og dette landet på same måten som Jeremia. 21Då kong Jojakim og alle krigarane og leiarane hans høyrde det han sa, prøvde kongen å drepa han. Men Uria fekk nyss om det og vart redd. Han rømde og kom til Egypt. 22Då sende kong Jojakim nokre menn til Egypt, Elnatan, Akbors son, og nokre andre saman med han. 23Dei tok Uria med seg frå Egypt og førte han til kong Jojakim, som hogg han ned med sverd. Og liket hans vart kasta mellom gravene til vanlege folk.
24 # 26,24 Ahikam ein kongeleg embetsmann. Jf. 2 Kong 22,12f. Men Ahikam, Sjafans son, heldt si hand over Jeremia, så han ikkje kom i hendene på folket og vart drepen.

Markert nå:

Jeremia 26: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring