Jesaja 66

66
Dom over falsk gudsdyrking
1 # 1 Kong 8,27; 2 Krøn 6,18; Sal 11,4; 132,13f; Matt 5,34f; Apg 7,49; 17,24 # 66,1 Kva slag hus Jf. 1 Kong 8,27. Så seier Herren:
Himmelen er mi trone,
og jorda er min fotskammel.
Kva slag hus kan de byggja for meg,
kvar er staden der eg kan kvila?
2 # Sal 34,19+ Mi hand har laga alt dette,
slik har alt dette vorte til, seier Herren.
Det er den hjelpelause eg ser til,
den som har ein motlaus ande
og skjelv for mitt ord.
3Den som slaktar ein okse,
slår eit menneske i hel;
den som ofrar eit lam,
knekkjer nakken på ein hund;
den som ber fram grødeoffer,
ofrar svineblod;
den som brenner røykjelse,
velsignar det vonde.
Dei som gjer dette,
har valt sine eigne vegar,
dei har si glede i det som er motbydeleg.
4 # Ordt 1,25ff; Jes 65,12 Så vel òg eg
å plaga dei,
eg fører over dei
det dei er redde for.
For eg ropa, men ingen svara,
eg tala, men ingen høyrde.
Dei gjorde det som vondt var i mine auge,
og valde det eg ikkje ville.
Frelse og dom
5 # Sal 69,8ff; Jer 17,15; Matt 24,9; Luk 6,22; 2 Tess 1,10.12 Høyr Herrens ord,
de som skjelv for hans ord!
Brørne dykkar som hatar dykk
og støyter dykk bort for mitt namn skuld,
dei seier: «Lat Herren visa sin herlegdom,
så vi kan sjå gleda dykkar!»
Men dei skal bli til skamme.
6Høyr larmen frå byen,
røysta frå tempelet,
Herrens røyst!
Han gjengjelder fiendane sine
for det dei har gjort.
7 # 54,1; Apg 2,41.47; 12,24; Gal 4,27; Op 12,5 # 66,7 Før ho får rier Den nye tida som skal renna for Jerusalem (jf. v. 10), kjem brått og blir samanlikna med ein rask fødsel. Før ho får rier, har ho fødd,
før smertene kjem, har ho fått ein gut.
8Kven har høyrt noko som dette?
Kven har sett nokon som desse?
Kan eit land bli fødd på éin dag,
kan eit folkeslag koma til verda på ein augneblink?
Men Sion fødde sine born
med det same ho fekk rier.
9Skulle eg opna morslivet
utan å setja fødselen i gang? seier Herren.
Eller setja fødselen i gang
og så stansa han? seier din Gud.
10 # 65,19; Joh 16,20 Gled dykk over Jerusalem,
og fryd dykk over henne,
alle de som elskar henne!
Ta del i hennar glede,
alle de som sørgjer over henne!
11Så skal de suga og bli mette
ved hennar trøystande bryst,
de skal drikka og nyta
hennar herlege brystvorter.
12 # 40,11; 48,18 For så seier Herren:
Sjå, no leier eg fred til henne som ei elv,
folkeslags rikdom som ein fløymande bekk.
De skal suga,
berast på armen
og voggast på fanget.
13 # 49,13.15 Som ei mor trøystar barnet sitt,
slik vil eg trøysta dykk.
I Jerusalem skal de få trøyst.
14 # 35,10+; Luk 19,27 De skal sjå det,
og hjartet skal gleda seg,
kroppen skal gro som gras.
Herrens tenarar skal kjenna hans hand,
men fiendane får kjenna hans vreide.
15 # 2 Tess 1,8; 2 Pet 3,7 For sjå, Herren kjem i ein eld,
hans vogner som ein kvervelvind.
Han slepper sin vreide laus som ein brann
og sine trugsmål som logande eld.
16 # Jer 25,30ff; Esek 21,1ff For Herren skal halda dom med eld
og med sverd mot alle menneske;
mange er dei som blir drepne av Herren.
17 # 65,3ff Dei som gjer seg heilage og reine
for å gå til hagane etter ein som er der inne,
dei som et svinekjøt, motbydelege ting og mus,
dei skal gå til grunne, alle saman,
seier Herren.
Frelse og straff blir fullenda
18 # Sal 68,32; 87,4; Jes 18,7; Mi 4,11ff; Sef 3,10 Eg veit kva dei gjer og kva dei tenkjer, eg kjem for å samla alle folkeslag og tungemål. Dei skal koma og sjå min herlegdom. 19#Ef 1,13#66,19 Tarsis >23,6. Put land ved Middelhavet, vest for Egypt. Lud her truleg Lydia i Vesleasia. >Jer 46,9. Mesjek, Tubal område i Vesleasia, søraust for Svartehavet. Javan Jonia, som stod for dei greske bystatane på vestkysten av Vesleasia. Namnet blir òg nytta om Hellas og om heile det greske riket. Jf. Dan 8,21; Sak 9,13. Eg set eit teikn mellom dei og sender nokre av dei som er berga, ut til folkeslaga i Tarsis, Put, Lud, Mesjek med bogen, Tubal og Javan, til dei fjerne kystane som ikkje har høyrt rykte om meg og ikkje har sett min herlegdom. Dei skal fortelja om min herlegdom mellom folkeslaga. 20#43,5ff; 49,12ff Og dei skal koma med alle brørne dykkar frå alle folkeslag som ei offergåve til Herren, til hest, i vogner og berestolar, på muldyr og kamelar, til mitt heilage fjell i Jerusalem, seier Herren, slik israelittane kjem med offergåver i reine skåler til Herrens hus. 21#1 Pet 2,5 Og av dei tek eg nokre til prestar og levittar, seier Herren.
22 # 65,17; 2 Pet 3,13; Op 21,1 For slik den nye himmel
og den nye jord som eg skaper,
alltid skal stå for mitt andlet, seier Herren,
slik skal dykkar ætt og namnet dykkar stå seg.
23 # Sal 65,2; Sak 14,16 # 66,23 nymånedagane =festar og høgtider. Og det skal skje:
frå nymånedag til nymånedag,
frå sabbat til sabbat,
skal alle menneske koma
og tilbe for mitt andlet,
seier Herren.
24 # Mark 9,48 Dei skal gå ut og sjå
lika av dei menneska
som gjorde opprør mot meg.
For dei skal makken ikkje døy
og elden ikkje slokna.
Dei skal vera ei gru for alle menneske.

Markert nå:

Jesaja 66: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring