Jesaja 65

65
Herren straffar og gjev nåde
1 # Rom 10,20 Eg hadde svar til dei som ikkje spurde,
eg var å finna for dei som ikkje søkte meg.
Eg sa: «Her er eg! Her er eg!»
til eit folkeslag som ikkje kalla på mitt namn.
2 # Ordt 1,24; Jer 7,24; 18,12; Rom 10,21 Heile dagen rekte eg hendene ut
til eit trassig folk
som gjekk fram etter eigne tankar
på vegar som ikkje var gode.
3 # 66,17 Alltid gjer folket meg rasande
rett opp i andletet.
Dei ofrar slaktoffer i hagane
og brenner røykoffer på teglstein.
4 # 3 Mos 11,4ff; 19,31 Dei held til i gravene
og ligg på løynde stader om natta.
Dei et svinekjøt
og koker suppe på ureint offerkjøt.
5 # 5 Mos 32,22; Sal 18,9 Dei seier: «Hald deg unna,
kom ikkje nær meg,
for eg er heilag for deg!»
Slike er røyk i nasen på meg,
ein eld som brenn heile dagen.
6Sjå, det er skrive opp framfor meg.
Eg vil ikkje teia før eg har gjort gjengjeld.
Eg skal gjengjelda dei rett i fanget,
7 # 2 Mos 20,5; Jes 57,7; Jer 16,18; Hos 4,13 både for dykkar eigne synder
og for syndene til fedrane, seier Herren.
Dei brende røykoffer på fjella og vanæra meg på haugane.
Eg skal måla opp det dei før har gjort,
og senda det rett i fanget på dei.
8 # 4,3; 6,13 Så seier Herren:
Så lenge det finst saft i druene,
heiter det: «Øydelegg dei ikkje,
for det er velsigning i dei.»
Slik skal eg gjera for mine tenarar skuld,
eg skal ikkje øydeleggja alt.
9 # Sal 69,36f; Jes 57,13 Eg lèt ei ætt gå ut frå Jakob,
frå Juda ein som skal arva mine fjell.
Mine utvalde skal ta landet i eige,
og tenarane mine skal bu der.
10 # 1 Krøn 27,29; Hos 2,15 # 65,10 Akor-dalen >Jos 7,24. Jf. Hos 2,15. Då skal Saron bli ein stad der småfe beiter
og Akor-dalen ein stad der storfe kviler,
for mitt folk som søkjer meg.
11 # 65,11 Gad, Meni lagnadsgudar som rår for lukka; dei er kjende frå Fønikia og Arabia. Men de som har forlate Herren
og gløymt mitt heilage fjell,
som dekkjer bord for Gad
og skjenkjer krydra vin for Meni,
12 # Ordt 1,24; Jes 66,4; Jer 7,13; Sak 7,11 dykk gjev eg over til sverdet,
alle skal de bøya kne for å bli slakta.
For eg ropa, men de svara ikkje,
eg tala, men de høyrde ikkje.
De gjorde det som var vondt i mine auge,
og valde det eg ikkje ville.
13 # Sal 22,27; 25,3; Matt 5,6; Luk 6,21; Joh 16,22 Difor seier Herren Gud:
Sjå, mine tenarar skal eta,
men de skal svelta.
Sjå, mine tenarar skal drikka,
men de skal tørsta.
Sjå, mine tenarar skal gleda seg,
men de skal skamma dykk.
14Sjå, mine tenarar skal jubla av hjartans lyst,
men de skal skrika av hjartesorg
og klaga av ei sundbroten ånd.
15 # Sal 102,9; Jer 29,22 Det namnet de lèt etter dykk,
skal mine utvalde bruka som forbanning:
«Måtte Herren Gud la deg døy!»
Men tenarane sine skal han kalla
med eit anna namn.
16 # Jer 4,2; 12,16 Den som velsignar seg i landet,
skal velsigna seg ved den trufaste Gud,
og den som sver i landet,
skal sverja ved den trufaste Gud.
For no er dei første trengslene gløymde,
ja, dei er løynde for auga mine.
Det nye Jerusalem
17 # 66,22; 2 Pet 3,13; Op 21,1.4 Sjå, eg skaper ein ny himmel og ei ny jord.
Ingen skal minnast dei første ting,
ingen skal tenkja på dei.
18 # 35,10 Gled og fryd dykk til evig tid
over det som eg skaper!
For sjå, eg skaper Jerusalem om til fryd
og folket der til glede.
19 # Op 21,4 Eg vil fryda meg over Jerusalem
og gleda meg over mitt folk.
Aldri meir skal det høyrast
gråt eller klageskrik i byen.
20Der skal det ikkje lenger finnast spedborn
som berre blir nokre dagar gamle,
eller gamle som ikkje når sine dagars fulle mål.
Ung er den som døyr hundre år gammal,
den som ikkje blir hundre, må vera forbanna.
21 # 62,8; Am 9,14 Dei skal byggja hus og sjølve bu i dei,
planta vinmarker og sjølve eta frukta.
22 # 5 Mos 28,30; Hos 8,7 Dei skal ikkje byggja så andre får bu
og ikkje planta så andre får eta.
Så gamle som trea
skal folket mitt bli,
mine utvalde skal sjølv få slita ut
det dei har laga med eigne hender.
23 # 61,8f Dei skal ikkje streva til inga nytte
og ikkje føda til brå død.
For dei er ei ætt velsigna av Herren,
dei skal ha etterkomarar hos seg.
24 # Sal 91,15; 145,18; Jes 30,19; 58,9; Matt 7,7 Før dei ropar, skal eg svara,
medan dei enno talar, vil eg høyra.
25 # 1 Mos 3,14; Jes 11,6ff; Hos 2,18 Ulven og lammet skal beita saman,
og løva skal eta halm som oksen,
men slangen skal ha støv til mat.
Det finst ikkje vondskap eller øydelegging
på heile mitt heilage fjell, seier Herren.

Markert nå:

Jesaja 65: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring