Jesaja 24
N11NN

Jesaja 24

24
Det store omskiftet
1Sjå, Herren herjar jorda
og legg henne aud,
vrid andletet hennar
og spreier dei som bur der.
2Då går det folk som prest,
slave som herre,
slavekvinne som husfrue,
kjøpar som seljar,
långjevar som låntakar,
innkrevjar som skuldnar.
3Herjast, herjast skal jorda
og plyndrast, plyndrast,
for dette ordet har Herren tala.
4 # Hos 4,3 Jorda sørgjer og visnar,
verda tørkar bort og visnar,
både jorda og det høge tørkar bort.
5Jorda er vanhelga
av dei som bur der.
For dei har sett seg ut over lover,
forandra forskrifter,
brote den evige pakta.
6Difor blir jorda
fortært av forbanning.
Dei som bur der,
må bøta for si skuld.
Difor brenn dei som bur på jorda,
berre ein liten rest blir att.
7Den nye vinen sørgjer,
vinstokken tørkar bort,
alle som gledde seg i hjarta, dei sukkar.
8 # Jer 7,34 Dei glade trommene teier,
lyden av jubel stilnar,
den glade lyra teier.
9Folk drikk ikkje vin til song,
det sterke smakar bittert for den som drikk.
10Knust er den aude byen,
stengt er kvart hus, ingen slepp inn.
11I gatene er det klagerop,
dei har ikkje vin,
all glede har mørkna,
fryd er vist bort frå landet.
12Byen er øydelagd,
porten er knust.
13 # 17,5f For blant folka på jord
skal det bli som når ein slår ned oliven,
som når dei siste druene blir plukka.
14Dei ropar høgt
og jublar over Herrens velde.
Dei ropar av glede i vest.
15«Så gjev ære til Herren i aust,
til namnet åt Herren, Israels Gud,
ved kystane i vest!»
16Frå enden av jorda høyrer vi songar
som prisar Den rettferdige.
Den siste trengsla
Men eg må seia:
Det er ute med meg,
ute med meg, ve meg!
Svikarar svik!
Svik!
Svikarar svik!
17Det blir gru og grav og garn
for deg som bur på jorda!
18 # Jer 48,44; Am 5,19 Den som flyktar frå gru,
skal falla i grav,
kjem han seg opp or grava,
skal han bli fanga i garnet.
For slusene i det høge er opna,
grunnvollane under jorda skjelv.
19Jorda rivnar og rister,
jorda vaklar og vinglar,
jorda skjelv og skakar,
20jorda sjanglar som ein drukken
og svaiar som eit skur.
Synda ligg tungt på henne,
ho fell og reiser seg ikkje meir.
21Den dagen skal Herren straffa
den høge hæren i det høge
og kongane på jorda.
22Dei skal samlast som fangar i eit hol,
stengjast inne i eit fengsel
og langt om lenge få si straff.
23 # Op 4,4 Då skal månen bli til spott og sola til skamme.
For Herren over hærskarane er konge
på Sion-fjellet og i Jerusalem.
Hans eldste skal sjå hans herlegdom.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk

Oppmuntrer og utfordrer deg til å søke nærhet med Gud hver dag.


YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt, godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vårpersonvernerklæring.