Jesaja 25

25
Valdsmenns velde er forbi
1 # Sal 31,15; Jes 46,10 Herre, du er min Gud.
Eg lovsyng deg og prisar ditt namn.
Du har gjort under
slik du planla i gammal tid,
i truskap og sanning.
2 # 25,2 byen den gudlause verdsbyen. Jf. 24,10ff. Byen gjorde du til ei steinrøys,
festningsbyen til ein ruin.
Borga til dei framande er ingen by meir.
Aldri skal ho byggjast opp att.
3Difor skal eit mektig folk gje deg ære,
folkeslag i valdsmenns by skal frykta deg.
4 # 4,6; Jer 16,19 Du vart eit vern for dei veike,
eit vern for dei fattige i deira naud,
ei livd mot styrtregn, ein skugge mot heten.
For pusten frå valdsmenn
er som styrtregn mot muren,
5som hete i eit uttørka land.
Du får larmen frå dei framande til å stilna.
Som ei sky gjev skugge mot heten,
vart songen til valdsmenn dempa.
Herrens festmåltid
6 # Sal 22,27ff; Matt 22,2ff; Luk 14,16ff; Op 19,7.9 # 25,6 dette fjellet Sion. På dette fjellet
skal Herren over hærskarane
gjera i stand for alle folk
eit festmåltid med feite retter,
eit festmåltid med gammal vin,
med feite, mergfulle retter
og gammal, klåra vin.
7 # 29,10; 60,2; 2 Kor 3,15f På dette fjellet skal han sluka
sløret som slører til alle folk,
dekket som dekkjer til alle folkeslag.
8 # Sal 126,5; 1 Kor 15,26.54; 2 Tim 1,10; Op 7,17; 21,4 Han skal sluka døden for evig.
Herren Gud skal tørka tårene frå kvart andlet.
Frå heile jorda skal han ta bort
vanæra til folket sitt.
For Herren har tala.
9 # Sal 42,6; 48,15 Den dagen skal dei seia:
«Sjå, dette er vår Gud!
Vi vona på han, og han frelste oss.
Dette er Herren, vi vona på han.
Lat oss jubla og gleda oss over hans frelse!»
Moab går under
10For Herrens hand skal kvila
over dette fjellet.
Men Moab skal han trakka ned
slik halm blir trakka ned i gjødselvatn.
11Der strekkjer han ut hendene
lik ein symjar som legg på sum.
Men Gud slår hans hovmod ned
sjølv om han kavar med hendene.
12 # 26,5 Dine høge festningsmurar bryt han ned,
riv dei ned til dei ligg på jorda, i støvet.

Markert nå:

Jesaja 25: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring