Hebrearane 7

7
Melkisedek – konge og prest
1 # 1 Mos 14,17ff Denne Melkisedek var konge i Salem og prest for Gud, Den høgste. Han kom og møtte Abraham og velsigna han då Abraham kom att etter sigeren over kongane, 2#7,2 Melkisedek Jf. 1 Mos 14,18–20; Hebr 5,6. Salem er eit namn på Jerusalem og tyder «fred».og Abraham gav han tiend av alt. Han er for det første Melkisedek, namnet tyder «rettferds konge», dernest er han konge i Salem, det vil seia fredens konge. 3#Sal 110,4 Han er utan far og utan mor og har inga ættetavle. Dagane hans har inga byrjing og livet hans ingen ende. Slik er han lik Guds Son; han er og blir prest for alltid.
4 # 7,4 tiend plikt til å gje ein tiandedel av avling og anna inntekt til Herren. =religiøse skikkar og ordningar. Her markerer tienda at Abraham står under Melkisedek. Legg merke til kor stor han er, denne mannen som Abraham, patriarken, gav tiend av det beste krigsbyttet. 5#4 Mos 18,21#7,5 Levis søner etterkomarar av Levi, son til Jakob, og ein av dei tolv stammane i Israel. Levittane hadde ikkje noko eige landområde og gjorde i eldre tid teneste som prestar ved heilagdomane rundt om i landet. Jf. 4 Mos 8; 35; Dom 17,7–13. =levittar. Dei av Levis søner som blir prestar, skal etter lova ta tiend av folket, det vil seia av sine eigne sysken, sjølv om dei stammar frå Abraham. 6Men Melkisedek, som ikkje er av deira ætt, tok tiend av Abraham og velsigna han som hadde fått Guds lovnader. 7No kan ingen nekta for at det er den mindre som blir velsigna av den større. 8Elles er det dødelege menneske som tek tiend, men her er det ein som får det vitnemålet at han lever. 9Ja, i og med Abraham har Levi, han som elles tek tiend, på sett og vis sjølv gjeve tiend. 10For enno ufødd var han i sin stamfar då Melkisedek gjekk til møtes med han.
Prestedømet som ikkje byggjer på lova
11 # Sal 110,4 Dersom ein kunne nå det fullkomne gjennom det levittiske prestedømet, som folket var bunde til ved lova, kvifor måtte det då koma ein prest av eit anna slag, ein som blir kalla prest av same slag som Melkisedek og ikkje som Aron? 12Men når prestedømet blir endra, er det nødvendig at lova òg blir endra. 13For han som det her er tale om, høyrde til ein annan stamme, og ingen frå den stammen har gjort teneste ved altaret. 14#1 Mos 49,10; Matt 1,1ff; Op 5,5 Det er velkjent at vår Herre stammar frå Juda, og Moses har aldri sagt noko om prestar frå den stammen.
15Alt dette blir endå klårare når det stig fram ein annan prest, ein som er lik Melkisedek. 16Han har ikkje vorte prest gjennom ei lov som krev ei bestemt avstamming, men gjennom krafta i eit uforgjengeleg liv. 17#Sal 110,4; Hebr 5,6 Han får då dette vitnemålet:
Du skal til evig tid vera prest
av same slag som Melkisedek.
18Med dette har eit eldre bod slutta å gjelda fordi det var veikt og utan verdi. 19#9,9; 10,1.19ff For lova førte ikkje noko fram til fullending. Men no kjem noko betre, ei von som gjer at vi kan koma Gud nær.
Kristus er prest til evig tid
20Dette har ikkje hendt utan at eid vart gjeven. Dei andre vart prestar utan eid, 21#Sal 110,4 men denne vart innsett med eid av Gud, som seier:
Herren har svore og angrar det ikkje:
Du skal til evig tid vera prest.
22 # 8,6+ Difor er ho òg så mykje betre, den pakta Jesus går god for.
23Dessutan har det vore fleire slike prestar, for døden hindra dei i å halda fram. 24Men Jesus har eit prestedøme som ikkje tek ende, fordi han er og blir til evig tid. 25#Rom 8,34; Hebr 9,24; 1 Joh 2,1 Difor kan han òg fullt og heilt frelsa dei som kjem til Gud ved han, sidan han alltid lever og går i forbøn for dei.
26 # 4,14f Ja, ein slik øvsteprest var det vi trong: heilag, utan vondskap, rein, skild frå syndarar og opphøgd over himlane. 27#5,3; 9,28+ Han treng ikkje, som andre øvsteprestar, bera fram offer kvar dag, først for sine eigne synder og så for syndene til folket. For offeret bar han fram éin gong for alle då han ofra seg sjølv. 28#5,1f.9 Dei som lova set inn som øvsteprestar, er veike menneske. Men gjennom ordet som vart stadfest med eid, og som kom seinare enn lova, blir Sonen innsett, han som for evig har nådd fram til fullendinga.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring