Hebrearane 8

8
Prestetenesta i den himmelske heilagdomen
1 # Sal 110,1; Apg 2,33+; Hebr 1,3.13; 10,12; 12,2 Hovudsaka i det vi her talar om, er dette: Ein slik øvsteprest er det vi har, og han har sett seg på høgre sida av Majestetens kongsstol i himmelen. 2#9,11.24#8,2 teltheilagdomen heilagdomen frå den tida israelittane var i ørkenen. =Guds bustad. Der gjer han teneste i heilagdomen, den sanne teltheilagdomen, som er reist av Herren sjølv og ikkje av menneske.
3 # 5,1 Kvar øvsteprest blir innsett til å bera fram gåver og offer. Difor må Kristus òg ha noko å bera fram. 4#7,13f Viss han hadde vore på jorda no, hadde han ikkje vore prest, for her er det andre som ber fram offergåvene etter lova. 5#2 Mos 25,40; Kol 2,17 Men dei gjer teneste i ein heilagdom som berre er ei etterlikning og ein skugge av den himmelske. Det ser vi av ordet Moses fekk frå Gud då han skulle reisa teltheilagdomen: «Sjå til at du gjer alt etter det førebiletet som vart vist deg på fjellet.»
Jesus er mellommann for ei ny pakt
6 # 7,22; 9,15; 12,24 Men no har Kristus fått ei mykje høgare presteteneste, sidan han er mellommann for ei pakt som er så mykje betre og kviler på betre lovnader. 7#8,7 den første pakta pakta på Sinai. =pakt. Dersom det ikkje hadde vore noko å utsetja på den første pakta, hadde det ikkje vore bruk for ei anna. 8#Jer 31,31ff Men Gud har noko å utsetja på folket når han seier:
Sjå, dagar skal koma, seier Herren,
då eg gjer ei ny pakt
med Israels hus og Judas hus,
9 # 2 Mos 24,8; Jes 53,12; Jer 31,31ff; Sak 9,11; Matt 26,28; Hebr 8,6+ ikkje som den pakta
eg gjorde med fedrane deira
den dagen eg tok dei i handa
og førte dei ut frå Egypt.
For dei vart ikkje ståande i mi pakt,
og eg brydde meg ikkje om dei, seier Herren.
10 # 2 Kor 6,16; Hebr 10,16 Men dette er pakta eg vil gjera
med Israels hus i dagar som kjem, seier Herren:
Eg vil leggja mine bod i sinnet deira
og skriva dei i hjartet deira.
Eg skal vera deira Gud,
og dei skal vera mitt folk.
11 Då skal ingen lenger undervisa
sin landsmann og sin bror
og seia: «Kjenn Herren!»
For dei skal alle kjenna meg,
både små og store.
12 # 10,17 For i nåde vil eg tilgje all uretten deira
og ikkje lenger hugsa syndene deira.
13Når Gud talar om ei ny pakt, har han dermed sagt at den første er forelda. Og det som blir gammalt og forelda, vil snart vera borte.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring