1. Mosebok 7
N11NN
7
Storflaumen
1 # 6,9+ Herren sa til Noah: «Gå inn i arka, du og heile huslyden din! For du er den einaste eg i denne tid har sett som er rettferdig for meg. 2Av alle reine dyr skal du ta med deg sju par, hann og ho saman, og av alle dyr som ikkje er reine, eitt par, hann og ho saman, 3og like eins av fuglane under himmelen, sju par, hann og ho, for å halda kvar art på heile jorda i live. 4For om sju dagar vil eg la det regna på jorda i førti dagar og førti netter og utrydda frå jorda alt som finst, alt eg har laga.» 5Og Noah gjorde alt som Herren hadde pålagt han. 6Noah var 600 år då storflaumen kom over jorda.
7 # Matt 24,38; 1 Pet 3,20 Så gjekk Noah inn i arka saman med sønene sine, kona og svigerdøtrene, for å koma unna vatnet frå storflaumen. 8Av dei reine dyra og av dei som ikkje var reine, av fuglane og av alt som kryp på marka, 9kom to og to inn til Noah i arka, hann og ho, slik Gud hadde pålagt Noah.
10Og etter sju dagar hende det. Då kom vatnet frå storflaumen over jorda. 11#8,2; 2 Pet 3,6 I det året då Noah fylte 600 år, den syttande dagen i den andre månaden, braut alle kjelder i det store djupet fram, og himmelslusene opna seg. 12Og det regna over jorda i førti dagar og førti netter. 13Nett på denne dagen gjekk Noah og sønene Sem, Ham og Jafet inn i arka saman med kona til Noah og dei tre svigerdøtrene hans, 14både dei og alle slag ville dyr, alt slag fe, alle slag kryp som det kryr av på jorda, og alle slag fuglar, alt som har venger til å flyga med. 15Dei kom inn til Noah i arka, to og to av alt som er av kjøt og blod, alt som har livsande i seg. 16Dei som kom, hann og ho av alt som er av kjøt og blod, gjekk inn slik Gud hadde pålagt Noah. Og Herren lèt att etter han.
17Då kom storflaumen over jorda i førti dagar. Vatnet steig og lyfte arka, så ho flaut opp frå jorda. 18Vatnet fløymde og steig høgt over jorda, og arka dreiv omkring på vatnet. 19Veldig og mektig fløymde vatnet over jorda og gøymde alle høge fjell under himmelen. 20#7,20 femten alner ca. 7,5 m. Femten alner steig vatnet over fjella, og fjella vart gøymde.
21 # Matt 24,38f Då omkom alt liv som det krydde av på jorda, både fugl og fe og ville dyr og alt myldrande kryp på jorda, og alle menneska. 22Alt som hadde livspust i nasen, alt som levde på landjorda, døydde. 23Han utsletta alt som fanst på jorda, frå folk til fe, kryp og fuglar under himmelen, alt vart utsletta frå jorda. Berre Noah og dei som var med han i arka, vart att. 24Og vatnet fløymde over jorda i 150 dagar.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk