1. Mosebok 14
N11NN
14
Abram vinn over fire kongar
1I dei dagane då Amrafel var konge i Sinear, Arjok konge i Ellasar, Kedor-Laomer konge i Elam og Tidal konge over Gojim, 2førte dei krig mot Bera, kongen i Sodoma, Birsja, kongen i Gomorra, Sjinab, kongen i Adma, Sjemeber, kongen i Sebojim, og mot kongen i Bela, det som no er Soar. 3#14,3 Saltsjøen Daudehavet. Alle desse slo seg saman og drog til Siddim-dalen, det som no er Saltsjøen.
4I tolv år hadde dei tent Kedor-Laomer, men i det trettande året gjorde dei opprør. 5I det fjortande året kom Kedor-Laomer og dei kongane som var med han, og dei slo refaittane ved Asjterot-Karnajim, susittane ved Ham, emittane på Kirjatajim-sletta 6og horittane i Se'ir-fjella heilt til El-Paran, som ligg like ved ørkenen. 7#2 Krøn 20,2 Så snudde dei og kom til Domskjelda, det som no er Kadesj. Dei la under seg heile området til amalekittane. Dei slo òg amorittane som budde i Haseson-Tamar.
8Kongen i Sodoma drog ut saman med kongen i Gomorra, kongen i Adma, kongen i Sebojim og kongen i Bela, det som no er Soar. Og dei stilte opp til strid mot dei i Siddim-dalen, 9mot Kedor-Laomer, kongen i Elam, Tidal, kongen over Gojim, Amrafel, kongen i Sinear, og Arjok, kongen i Ellasar – fire kongar mot fem. 10Men i Siddim-dalen var det fullt av jordbekgruver, og då kongane i Sodoma og Gomorra måtte rømma, fall dei ned i gruvene. Dei som var att, rømde til fjells. 11Dei fire kongane tok alt av eigedom og matvarer i Sodoma og Gomorra og drog bort. 12Og dei tok Lot, brorson til Abram, og alt det han eigde, og drog bort. Han budde i Sodoma.
13Då kom ein som hadde sloppe unna, og fortalde dette til hebrearen Abram. Han heldt til ved eikelunden til amoritten Mamre, bror til Esjkol og Aner. Dei hadde ei pakt med Abram.
14 # Jos 19,47 Då Abram fekk høyra at slektningen hans var teken til fange, mønstra han sine våpenføre menn, 318 menn fødde i hans hus, og sette etter heilt til Dan. 15Om natta delte dei seg, han og mennene hans. Dei slo dei og forfølgde dei heilt til Hoba, som ligg nord for Damaskus. 16Så tok han heile byttet med seg tilbake. Også Lot, slektningen sin, og alt han eigde, tok han tilbake, saman med kvinnene og folket.
Melkisedek velsignar Abram
17 # 14,17 Kongsdalen truleg ein dal ikkje langt frå Jerusalem. Jf. 2 Sam 18,18. Etter at han hadde slege Kedor-Laomer og dei kongane som var med han, vende Abram attende. Då drog kongen i Sodoma ut for å møta han i Slettedalen, det som no er Kongsdalen. 18#Sal 110,4; Hebr 7,11ff#14,18 Melkisedek konge og prest i Salem, Jerusalem. Jf. Sal 76,3. Namnet kan tyda «Sedek (rettferd) er konge» eller «rettferds konge». Gud, Den høgste hebr. El eljon, kanaaneisk gudsnamn. Her brukt om den guden dei dyrka i Jerusalem, i v. 22 identifisert med Herren, Israels Gud. Og Melkisedek, kongen i Salem, kom ut med brød og vin. Han var prest for Gud, Den høgste. 19Han velsigna han og sa:
«Velsigna er Abram av Gud, Den høgste,
han som bar fram himmel og jord!
20 # 3 Mos 27,30ff; 5 Mos 32,8; Sal 9,3; 57,3; 78,56; Dan 4,2 Velsigna er Gud, Den høgste,
som har gjeve motstandarane dine i di hand!»
Så gav Abram han tiend av alt.
21Kongen i Sodoma sa til Abram: «Gjev meg folket, og ta du byttet!» 22Men Abram sa til kongen i Sodoma: «Eg lyfter handa opp mot Herren, mot Gud, Den høgste, han som bar fram himmel og jord: 23Ikkje så mykje som ein tråd eller ei sandalreim vil eg ta av alt som er ditt. Du skal ikkje kunna seia: Eg har gjort Abram rik. 24Eg vil berre ha att for det dei unge mennene har ete. Og mennene som var med meg, Aner, Esjkol og Mamre, må få sin del.»

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk