1. Mosebok 15

15
Herren gjer pakt med Abram
1 # 5 Mos 33,29; Sal 3,4; 5,13; 18,3; 84,12; Jes 41,10 Etter at dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn: «Ver ikkje redd, Abram! Eg er ditt skjold. Løna di skal bli stor!» 2#15,2 arving Tydinga av det hebr. ordet er usikker. Men Abram svara: «Herre, min Gud, kva vil du gje meg? For barnlaus går eg bort, og Elieser frå Damaskus er arving til huset mitt.» 3Og Abram sa: «Du har ikkje gjeve meg etterkomarar. Sjå, ein av husfolket mitt skal arva meg.» 4Då kom Herrens ord til han: «Han skal ikkje arva deg, men ein av ditt eige kjøt og blod skal arva deg.» 5#13,16+ Så førte han Abram ut og sa til han: «Sjå opp mot himmelen og tel stjernene, om du kan telja dei!» Og han sa: «Så talrik skal ætta di bli.» 6#Rom 4,3; Gal 3,6 Abram trudde Herren, og det vart rekna han til rettferd.
7 # 11,31 Og han sa til han: «Eg er Herren, som førte deg ut frå Ur i Kaldea for å gje deg dette landet i arv.» 8Abram sa: «Herre, min Gud, korleis kan eg vita at eg skal få det i arv?» 9#15,9–21 Her blir det gjennomført eit gammalt ritual for to partar som gjer ei =pakt med kvarandre. Ved å gå mellom kjøtstykka forpliktar partane seg, jf. Jer 34,18. Her er det berre Gud som forpliktar seg, jf. v. 17. Då svara han: «Hent meg ei treårs kvige, ei treårs geit og ein treårs vêr, ei turteldue og ein dueunge.» 10Abram henta alt dette til han, skar dyra i to og la delane rett mot kvarandre. Men fuglane skar han ikkje i to. 11Rovfuglar slo ned på skrottane, men Abram dreiv dei bort.
12Då sola heldt på å gå ned, fall ein djup søvn over Abram. Og sjå, redsle og eit stort mørker fall over han. 13#2 Mos 12,40; Apg 7,6 Og Gud sa til Abram: «Dette skal du vita: Ætta di skal bu som innflyttarar i eit land som ikkje er deira. Dei skal vera slavar og bli plaga av folket der i fire hundre år. 14#2 Mos 3,21f; 11,2; 12,35f Men det folket dei må slava for, vil eg òg dømma, og sidan skal dei dra ut med stort bytte. 15#25,7f Sjølv skal du gå til fedrane dine i fred, i høg alder skal du bli gravlagd. 16#5 Mos 9,4 I det fjerde slektsleddet skal dei koma tilbake hit. For syndeskulda til amorittane har enno ikkje fylt sitt mål.»
17 # 15,17 ein rykande … fakkel teikn på at Gud er nær. Jf. 2 Mos 19,16.18. Sola gjekk ned, og det vart mørkt. Og sjå, ein rykande omn kom til syne, og ein flammande fakkel fór mellom kjøtstykka. 18#12,7+#15,18 gjorde … ei pakt Hebr. har «skar ei pakt». Jf. v. 9f. frå Egyptarelva … Eufrat Så langt skal Israels rike ha nådd då det var på det største. Jf. Jos 1,4; 2 Sam 8,3. Den dagen gjorde Herren ei pakt med Abram og sa: «Di ætt gjev eg dette landet, frå Egyptarelva heilt til Storelva, Eufrat, 19landet til kenittane, kenisittane og kadmonittane, 20hetittane, perisittane og refaittane, 21#15,21 =folkeslag i Kanaan. amorittane, kanaanearane, girgasjittane og jebusittane.»

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring