Galatarane 6
N11NN
6
Ansvar for andre og for seg sjølv
1 # 3 Mos 19,17f; Matt 18,15ff; Luk 17,3; Jak 5,19f Mine sysken, skulle nokon bli gripen i eit feilsteg, så må de som har Anden, hjelpa han til rette. Men gjer det audmjukt og pass deg sjølv, så ikkje du òg blir freista. 2#Joh 15,12; Rom 15,1; 2 Kor 11,29 Ber børene for kvarandre og oppfyll på den måten Kristi lov. 3#1 Kor 4,7 Dei som trur dei er noko, sjølv om dei ingenting er, lurer seg sjølve. 4#2 Kor 13,5 Kvar og ein skal dømma om si eiga gjerning og få ros for det han sjølv gjer, ikkje for det andre har gjort. 5#Rom 14,12 For kvar skal bera si eiga bør. 6#1 Kor 9,11.14 Den som får opplæring i Ordet, skal dela alt godt med læraren sin. 7Far ikkje vill! Gud lèt seg ikkje spotta. Det eit menneske sår, skal det òg hausta. 8#Rom 8,13#6,8 sitt eige kjøt =kjøt, kjøt og blod. Den som sår i sitt eige kjøt, haustar forderving frå kjøtet, men den som sår i Anden, haustar evig liv frå Anden. 9#2 Tess 3,13 Lat oss ikkje trøytna medan vi gjer det gode! Når tida kjem, skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp. 10#2 Pet 1,7 Så lat oss gjera godt mot alle så lenge det er tid, og mest mot vår familie i trua.
Sluttord
11 # 1 Kor 16,21; Kol 4,18; 2 Tess 3,17; Filem 19 Sjå kor store bokstavar eg bruker når eg no med mi eiga hand skriv dette til dykk: 12#5,11 Dei som vil tvinga dykk til omskjering, er slike som vil ta seg godt ut mellom menneske, så dei skal sleppa å bli forfølgde på grunn av Kristi kross. 13For dei som lèt seg omskjera, held ikkje lova sjølve; men dei vil at de skal omskjerast, så dei kan vera stolte av det som er gjort med kroppen dykkar. 14#1 Kor 1,23.31; 2,2 Men eg vil aldri i livet vera stolt av noko anna enn vår Herre Jesu Kristi kross. Ved den er verda krossfest for meg, og eg for verda. 15#2 Kor 5,17; Gal 5,6; Ef 4,24 For det som tel, er ikkje å vera omskoren eller å vera uomskoren, men å vera ein ny skapning. 16#Sal 125,5; 128,6#6,16 rettesnora Det gr. ordet tyder «røyr» og «målestav», i overført tyding «ordning» eller «regel». Alle som følgjer denne rettesnora – fred og miskunn vere med dei og med Guds Israel! 17#2 Kor 4,7ff; Ef 3,13; Fil 3,10; Kol 1,24; Jak 1,2#6,17 Jesu merke Slavar bar merket til herren sin. Dei merka Paulus ber etter mishandling og sjukdom, viser at han er Jesu tenar. Heretter må ingen plaga meg meir, for eg ber Jesu merke på kroppen min. 18#Fil 4,23; 2 Tim 4,22; Filem 25 Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd, mine sysken! Amen.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk