Efesarane 1

1
Helsing
1 # 1 Kor 1,1; Kol 1,1 # 1,1 apostel ein utsending med fullmakt til å tala på vegner av herren sin. Blir oftast brukt om dei 12 læresveinane Jesus valde ut, men òg om somme andre. Brevet understrekar sterkt at Paulus er apostel. i Efesos Orda manglar i mange av dei eldste handskriftene. Byen var hovudstad i den romerske provinsen Asia og eit sentrum for misjonsverksemda til Paulus. =byar. Paulus, etter Guds vilje Kristi Jesu apostel, helsar dei heilage {{i Efesos}}, dei truande i Kristus Jesus: 2Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
Alt i Kristus
3 # Ef 2,6 # 1,3 Velsigna er Gud liturgisk formel med bakgrunn i GT, jf. Sal 144,1; Luk 1,68. Velsigna er Gud,
vår Herre Jesu Kristi Far,
han som i Kristus velsigna oss
med all Andens velsigning
i himmelen.
4 # Joh 15,16; Rom 8,29f; Ef 5,27; 2 Tess 2,13 I Kristus valde han oss ut
før verda vart grunnlagd,
til å stå for hans andlet,
heilage og utan feil.
I kjærleik
5 # Joh 1,12; Gal 3,26; 1 Joh 3,1f og etter sin eigen gode vilje
avgjorde han på førehand
at vi skulle få rett til å vera
hans born ved Jesus Kristus,
6 # Matt 3,17 # 1,6 i han som han elskar så høgt Mange tidlege handskrifter har «i Son sin som han elskar». til lov og pris for hans herlegdom og nåde,
som han så rikeleg gav oss
i han som han elskar så høgt.
7 # Rom 3,24f+; 1 Kor 1,30; Ef 2,7; Kol 1,14 I han har vi fridomen,
kjøpt med hans blod,
tilgjeving for syndene.
For så rik er Guds nåde,
8 # Kol 1,9 som han lét strøyma over oss
med all visdom og forstand,
9 # Matt 13,11+; Ef 3,9 då han gjorde kjent for oss
sin viljes mysterium,
det han gjerne ville gjera i han.
10 # Gal 4,4; Kol 1,16.20 Han ville fullføra sin frelseplan
då tida var fullmogen:
å samla alt til eitt i Kristus,
alt i himmelen og på jorda i han.
11 # Rom 8,28f; Kol 1,12 I han fekk vi òg arverett,
slik det frå først var tiltenkt oss
etter forsettet til han som gjennomfører alt
etter sin eigen plan og vilje,
12så vi som alt har sett vår von
til Kristus,
skal vera til lov og pris
for hans herlegdom.
13 # 2 Kor 1,22+ # 1,13 evangeliet «gledeleg bodskap», «godt nytt». =evangelium. seglet markering av vern og eigarskap. Jf. 2 Kor 1,22; Ef 4,30. =segl. I han høyrde de sanningsordet,
evangeliet om frelsa dykkar.
I han kom de òg til tru,
merkte med seglet til Anden,
Den Heilage, han som var lova,
14 # 1,14 pantet Ordet er henta frå handelsspråket, der det står for den første utbetalinga ved ein handel. Utbetalinga tener som forsikring for at det kjem meir. Jf. 2 Kor 1,22. han som er pantet på arven
til Guds eige folk blir sett fri,
til lov og pris for hans herlegdom.
Takk og bøn
15–16 # Kol 1,3f; 1 Tess 1,2+ # 1,15–16 og … kjærleik Orda manglar i nokre tidlege handskrifter. Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg hugsar på dykk i bønene mine. For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage. 17#Kol 1,9f Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må gje dykk visdoms og openberrings Ande, så de lærer Gud å kjenna. 18#Rom 5,2; Kol 1,12 Må han lysa opp auga til dykkar hjarte, så de får innsikt i kva håp han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage 19#2 Kor 13,4 og kor overveldande hans kraft er mellom oss som trur. For hans makt og styrke er veldig. 20#Sal 110,1; Apg 2,32f+ Med denne krafta reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved Guds høgre hand i himmelen, 21#Kol 1,16; 2,10 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle som styrer, og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne tidsalderen, men òg i den komande. 22#Sal 8,6; Ef 4,15 Alt la han under hans føter, og han som er hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23#1 Kor 12,12+; Ef 4,10; Kol 1,19 som er Kristi kropp, fylt av han som fyller alt i alle.

Markert nå:

Efesarane 1: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring