Esekiel 10

10
Kjerubane
1 # 1,22.26 Eg såg, og sjå! – over kvelven som var over hovudet på kjerubane, var det noko som likna safirstein. Noko som såg ut til å likna ein tronstol, viste seg over dei. 2Han sa til mannen kledd i lin: «Gå inn mellom hjula under kjerubane! Fyll nevane med glør frå elden mellom kjerubane og strø dei ut over byen!» Og han gjekk inn medan eg såg på. 3Kjerubane stod på høgre sida av tempelet då mannen gjekk inn, og skya fylte den indre tempelgarden.
4 # 9,3 # 10,4 Skya Jf. 1,4. Då lyfte Herrens herlegdom seg opp frå kjerubane og flytte seg bort til dørstokken i tempelet. Skya fylte huset, og stråleglansen frå Herrens herlegdom fylte føregarden. 5Lyden frå kjerubvengene kunne høyrast heilt ut i den ytre føregarden. Det var som røysta til Gud, Den veldige, når han talar. 6Då mannen kledd i lin vart beden om å henta eld mellom hjula, mellom kjerubane, gjekk han inn og stilte seg ved det eine hjulet. 7Og ein kjerub rette ut handa mot elden som var mellom kjerubane. Han tok opp glør og la i nevane på mannen i linkleda. Han tok imot og gjekk ut. 8Under vengene på kjerubane kunne ein sjå noko med form som menneskehender.
9 # 1,16 Eg såg, og sjå! – det stod fire hjul attmed kjerubane, eitt ved kvar kjerub, og hjula såg ut som blinkande krysolittstein. 10Alle fire såg like ut, og det var som om det eine hjulet var inni det andre. 11Dei kunne røra seg til alle fire sidene, og dei snudde seg ikkje når dei gjekk. For dit den første gjekk, følgde dei andre etter, og dei snudde seg ikkje når dei gjekk.
12 # 1,18 Over heile kroppen – på ryggen, hendene og vengene – og overalt på dei fire hjula var det fullt av auge. 13Eg høyrde at desse hjula vart kalla hjulverk. 14#1,6.10 Kvar av skapningane hadde fire andlet. Det første var eit kjerubandlet, det andre eit menneskeandlet, det tredje eit løveandlet og det fjerde eit ørneandlet. 15#1,3ff; 43,3#10,15 attmed Kebar-elva Jf. 1,1ff. Kjerubane lyfte seg. Det var dei skapningane som eg hadde sett attmed Kebar-elva. 16#1,19ff Når kjerubane gjekk, gjekk hjula òg ved sida av dei. Og når kjerubane lyfte vengene for å letta frå bakken, dreia ikkje hjula seg bort frå dei. 17Når kjerubane stod, stod hjula òg, og når kjerubane lyfte seg, lyfte hjula seg med dei. For ånda til skapningane var i hjula.
Herrens herlegdom forlèt tempelet
18No flytte Herrens herlegdom seg frå dørstokken i tempelet og stilte seg over kjerubane. 19Kjerubane lyfte vengene og letta frå bakken. Eg såg dei gå framover, og hjula følgde med. Dei stansa attmed inngangen til austporten i Herrens hus, og over dei kvilte herlegdomen til Israels Gud. 20Det var dei same skapningane som eg hadde sett under Israels Gud attmed Kebar-elva, og eg skjøna at det var kjerubar. 21Kvar av dei hadde fire andlet og fire venger, og under vengene var det noko som likna menneskehender. 22Andleta deira var like dei andleta eg hadde sett attmed Kebar-elva, dei såg ut som dei. Kvar kjerub gjekk beint fram.

Markert nå:

Esekiel 10: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring