Esekiel 9

9
Dei seks drapsmennene
1 # 9,1 Han skapningen som er skildra i 8,2. Han ropa høgt medan eg høyrde på: «Straffa over byen er nær! Kvar og ein må ha sitt øydingsvåpen i handa.» 2Og sjå, frå Øvreporten, den som vender mot nord, kom seks menn, kvar med sitt drapsvåpen i handa. Ein av dei var kledd i lin og hadde skriveutstyr i beltet. Dei kom og stilte seg ved sida av bronsealtaret.
3 # 1,28; 10,4 Då lyfte herlegdomen til Israels Gud seg opp frå kjerubane, som han hadde vore over, og flytte seg til dørstokken i tempelet. Herren ropa til mannen som var kledd i lin og hadde skriveutstyr i beltet. 4#2 Mos 12,7.23; Op 7,3 Og Herren sa til han: «Gå gjennom Jerusalem by og set eit merke i panna på dei mennene som sukkar og jamrar over alt det avskyelege der.» 5Og til dei andre sa han så eg høyrde det: «Gå gjennom byen etter mannen og hogg ned! Vis ikkje medkjensle, spar ingen. 6#Op 9,4 Gamle, unge gutar og jenter, kvinner og born skal de slå i hel og rydda ut. Men rør ikkje nokon av dei som har merke på seg. De skal ta til ved min heilagdom.» Og dei tok til med mennene, dei eldste, som stod framfor Herrens hus. 7Då sa han til dei: «Gjer huset ureint, fyll tempelgardane med drepne! Far av stad!» Så fór dei av stad og hogg ned folk i byen.
8Medan dei gjorde det, vart eg åleine att. Eg kasta meg ned med andletet mot jorda og ropa: «Å, Herre Gud, vil du tyna alt det som er att av Israel, sidan du auser ut din harme over Jerusalem?» 9#8,12 Han svara: «Israels og Judas skuld er umåteleg stor. Landet er fylt av blod, og byen er full av urett. For dei seier: Herren har forlate landet; Herren ser ikkje noko. 10#5,11; 11,21+ Difor vil heller ikkje eg visa medkjensle eller spara dei. Eg lèt gjerningane deira koma over deira eige hovud.» 11Mannen som var kledd i lin og hadde skriveutstyr i beltet, kom tilbake og sa ifrå: «Eg har gjort det du baud meg.»

Markert nå:

Esekiel 9: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring