Forkynnaren 9
N11NN
9
Alle går same vegen
1Ja, alt dette la eg meg på hjartet
for å granska om dei rettferdige og dei vise
og deira gjerningar er i Guds hand.
Ingen menneske kan vita kva som ligg framfor dei,
om det er kjærleik eller hat.
2 # 7,15+ Ein og same enden får dei alle,
den rettferdige og den urettferdige,
den gode, den som er rein, og den som er urein,
den som ber fram offer, og den som ikkje ofrar.
Det går med den gode som med syndaren,
med den som sver,
og med den som er redd for å sverja.
3 # 1 Mos 8,21 Dette er det vonde med alt som hender under sola,
at det går like eins med alle;
menneskehjartet er fullt av vondskap,
uforstand har dei i sinnet så lenge dei lever,
og sidan må dei fara til dei døde.
4For den som høyrer til mellom dei levande,
er éin ting sikkert:
Det er betre å vera ein levande hund
enn ei daud løve.
5Dei levande veit at dei skal døy,
men dei døde veit ingen ting.
Dei har inga løn i vente,
for minnet om dei er gløymt.
6Det er slutt med kjærleiken deira for lenge sidan,
med både hatet og misunninga deira.
Aldri meir skal dei få del
i alt det som hender under sola.
7 # 2,24+ Så gå og et ditt brød med glede,
og drikk din vin med glede i hjartet!
For Gud har alt sagt ja til det du gjer.
8Ha alltid kvite festklede på,
lat oljen flyta over hovudet ditt!
9 # Ordt 5,18 Nyt livet med kvinna du elskar,
alle dine kortvarige levedagar,
dei som Gud gjev deg under sola,
ja, alle dine kortvarige dagar.
For dette er din del i livet,
midt i alt strevet og arbeidet under sola.
10Alt du kan gjera med hendene,
gjer det med den krafta du har.
For i dødsriket, dit du går,
er det korkje gjerning eller tanke,
korkje kunnskap eller visdom.
11Vidare såg eg under sola:
Det er ikkje dei raske som vinn løpet,
ikkje dei djerve som sigrar i krig,
ikkje dei vise som får brød,
ikkje dei vituge som blir rike,
ikkje dei duglege som finn velvilje,
for tida og ulukka råkar dei alle.
12Ja, mennesket veit ikkje når tida er komen.
Slik fisken blir fanga i det vonde garnet,
slik fuglen går seg fast i snara,
slik blir menneska fanga av ei ulukketid,
brått kjem ulukka over dei.
Den fattige vismannen
13Eg har òg sett noko anna
om visdomen under sola,
og det har overvelda meg:
14Det var ein liten by,
og det budde nokre få der.
Ein mektig konge kom mot han,
kringsette byen
og bygde store vollar mot han.
15Der i byen fanst det
ein mann som var fattig, men vis.
Det var han som berga byen med sin visdom.
Likevel var det ingen som hugsa
denne fattige mannen.
16 # Ordt 21,22; 24,5; Fork 7,19 Då sa eg:
Visdom er betre enn styrke;
men visdomen til den fattige blir sedd ned på,
ingen høyrer på orda hans.
Ordtak om visdom og dårskap
17Lågmælte ord frå den vise
høyrest betre enn ropet frå herskaren mellom dårar.
18Visdom er betre enn krigsvåpen,
men éin som trør gale, kan øydeleggja mykje godt.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).

Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk