Forkynnaren 10
N11NN

Forkynnaren 10

10
1Daude fluger får salveblandarens olje til å stinka og bobla,
eit grann dårskap veg meir enn visdom og ære.
2Den vises hjarte fører rette vegen,
men dårens tanke fører gale av stad.
3 # Ordt 15,2 Sjølv når dåren ferdast på gata,
manglar han vit.
Han kunngjer for alle at han er dum.
4 # Ordt 25,15 Om herskaren blir harm på deg,
så gå ikkje frå plassen din;
sinnsro kan hindra store feilsteg.
5Ein uting har eg sett under sola,
eit mistak av den som sit med makta:
6 # Ordt 19,10; 30,21f Dårskap vart sett i høgsetet,
medan rikfolk sat nedst ved bordet.
7Eg såg slavar til hest
og fyrstar til fots lik slavar.
8 # Sal 7,16+ Den som grev ei grav,
kan sjølv falla nedi;
den som riv eit grensegjerde,
kan bli biten av ein orm.
9Den som bryt stein, kan skada seg.
Den som kløyver trestammar, kan koma i fare.
10Når øksa ikkje bit og egga er uslipt,
må han bruka dess større kraft.
Men den duglege veit å bruka visdomen sin.
11Om ormen høgg før maningsord er sagt,
kva gagn har manaren då av si kunst?
Dåren bruker mange ord
12 # Ordt 10,21; 15,2 Ord frå den vises munn vinn velvilje,
men dårens lepper gjev han forderving.
13Han byrjar med å tala dårskap,
og han sluttar av med det reine vanvitet.
14 # 8,7 Ja, dåren bruker mange ord.
Mennesket veit ikkje kva som skal henda.
Kven kan fortelja han
kva som kjem til å henda når han er borte?
15Dåren masar så han blir trøytt,
han som ikkje eingong veit vegen til byen.
16 # Ordt 31,4; Jes 3,4; 5,11 Ve deg, du land som har eit barn til konge
og stormenn som held gilde når morgonen gryr.
17Lukkeleg er du land
som har ein høgætta konge
og stormenn som held måltid i rett tid,
som staute menn og ikkje som drankarar.
18Der latskapen rår, sig takbjelkane ned,
og sit ein med hendene i fanget,
dryp det inn i huset.
19 # Sal 104,15; Dan 5,1 Folk held fest for å mora seg,
og vinen gjev glede i livet,
men pengar er svaret på alt.
20 # 2 Mos 22,28 Ikkje eingong i tankane
skal du forbanna ein konge.
Sjølv ikkje i soverommet
må du forbanna ein som er rik.
For fuglane under himmelen ber lyden av stad,
dei som har venger, fortel kva du har sagt.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk