5. Mosebok 17

17
1 # 3 Mos 22,20–25; 5 Mos 15,21 Du skal ikkje ofra til Herren din Gud oksar eller sauer som har ein feil av alvorleg slag, for det er avskyeleg for Herren din Gud.
Om avgudsdyrking
2 # 13,6–11 Det kan henda at det finst ein mann eller ei kvinne hos deg, i ein av dei byane Herren din Gud gjev deg, som gjer det som vondt er i Herren din Guds auge og bryt pakta hans, 3#17,3 himmelhæren =himmelske vesen. ein som går bort og dyrkar og tilbed andre gudar, eller sola eller månen eller heile himmelhæren. Det har eg forbode. 4Om dette blir sagt deg og du får høyra om det, då skal du granska saka nøye. Om det er sant og det blir stadfest at dette avskyelege er gjort i Israel, 5#2 Mos 22,20 då skal du føra mannen eller kvinna som har gjort ugjerninga, ut til byporten, og anten det er ein mann eller ei kvinne, skal du steina dei i hel. 6#4 Mos 35,30; 5 Mos 19,15f Etter vitnemål frå to eller tre skal den skuldige straffast med døden. Etter vitnemål frå éin skal ingen bli straffa med døden. 7Vitna skal vera dei første som lyfter handa for å drepa, og sidan skal heile folket lyfta handa. Slik skal du rydda det vonde ut hos deg.
Den høgste domstolen
8 # 17,8 domstolane Saker som vart pådømde lokalt i byane, vart vanlegvis førte i byporten, men i saker utan prov eller vitne vart det svore ein eid ved den lokale heilagdomen. Etter at desse heilagdomane vart forbodne (jf. 5 Mos 12), måtte ein gå til den sentrale heilagdomen med desse sakene. Når ei sak er så vanskeleg at du ikkje kan seia dom i henne, anten det gjeld drap eller tvistemål eller skade, slikt som det er strid om i domstolane dine, skal du med ein gong gå opp til den staden Herren din Gud vil velja seg ut. 9Der skal du gå til levittprestane og til han som er dommar på den tida, og spørja dei til råds. Dei skal kunngjera for deg kva som er rett i denne saka. 10Du skal retta deg etter den dommen dei kunngjer frå denne staden, den staden Herren vil velja seg ut, og trufast følgja alt dei seier deg. 11Dei vil forklara lova for deg, og den dommen dei kunngjer for deg, skal du halda deg til. Du skal ikkje vika av frå det dei kunngjer, korkje til høgre eller venstre. 12Den mannen som er så eigenrådig at han ikkje høyrer på presten som står på denne staden og gjer teneste for Herren din Gud, eller på dommaren, han skal døy. Slik skal du rydda det vonde ut frå Israel. 13Heile folket skal høyra om det og bli gripne av redsle, så dei aldri meir gjer noko eigenrådig.
Kongelova
14 # 1 Sam 8 Når du kjem inn i det landet Herren din Gud gjev deg, når du legg det under deg og buset deg der, og du så seier: «Eg vil setja inn ein konge, slik alle folkeslaga omkring meg har gjort», 15då kan du setja inn ein konge, ein mann som Herren din Gud vil velja ut. Ein av landsmennene dine skal du ta til konge. Du må ikkje ta ein framand, ein som ikkje er landsmannen din. 16#1 Kong 10,26–29; Jes 31,1.3 Men kongen må ikkje skaffa seg mange hestar og ikkje senda folket sitt tilbake til Egypt så han kan få seg fleire hestar, for Herren har sagt: «De skal aldri meir dra tilbake den vegen.» 17#1 Kong 10,21.27; 11,1–8 Kongen skal heller ikkje ta seg mange koner slik at han blir lokka til fråfall, og han må ikkje samla seg sølv og gull i store mengder.
18Når kongen har sett seg på trona, skal han få laga ein bokrull med ein kopi av denne lova, skriven av etter levittprestane. 19Den skal han ha hos seg og lesa i alle sine levedagar, så han kan læra å frykta Herren sin Gud. Og han skal halda fast på kvart ord i denne lova og alle desse forskriftene og leva etter dei, 20så han ikkje i hjartet sitt set seg høgare enn landsmennene sine og ikkje vik av frå bodet, korkje til høgre eller venstre. Då skal han og etterkomarane hans ha kongsmakta i Israel i lange tider.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring