5. Mosebok 18

18
Det prestane og levittane har rett til
1 # 1 Kor 9,13 Levittprestane, heile Levi-stammen, skal ikkje ha nokon arv og del med Israel. Dei skal leva av Herrens gåveoffer og hans eigedom. 2Men dei skal ikkje ha nokon arv mellom brørne sine. Herren er arven deira, slik han har lova.
3Dette har prestane rett til å krevja frå folket, frå dei som ber fram slaktoffer, anten det er okse eller sau: Presten skal ha bogen, kjevane og vomma. 4Førstegrøda av korn, ny vin og fin olje og den første ulla av småfeet skal du òg gje han. 5For Herren din Gud har valt ut Levi blant stammane dine for at han og sønene hans skal gjera teneste i Herrens namn til alle tider.
6Om ein levitt dreg frå ein av byane i Israel der han held til, og han har lyst til å koma til den staden Herren vel seg ut, 7kan han gjera teneste der i namnet til Herren sin Gud, liksom alle brørne hans, levittane, dei som står for Herrens andlet. 8Dei skal få like store delar å leva av, forutan det kvar og ein kan få om han sel fedrearven sin.
Falske og sanne profetord
9 # 2 Mos 23,24; 34,12; 5 Mos 7,1–6.25f; 12,1–4.29–31 Når du kjem til det landet Herren din Gud gjev deg, skal du ikkje ta etter alle avskyelege skikkar hos folkeslaga der. 10#2 Mos 22,18; 3 Mos 18,21#18,10 lèt … gå gjennom elden viser til ein religiøs skikk med barneofring. Jf. 2 Kong 16,3; 17,17; 21,6; 23,10; 2 Krøn 33,6; Esek 16,20f; 20,31. Hos deg må det ikkje finnast nokon som lèt son sin eller dotter si gå gjennom elden, ingen som tek varsel, ingen teikntydar, spåmann eller trollmann, 11#3 Mos 19,31; 20,6.27; 1 Sam 28,7–15; Jes 8,19f; Esek 21,26 ingen som driv med magi, spør gjenferd eller spådomsånder til råds eller søkjer hjelp hos dei døde. 12For Herren avskyr alle som gjer slikt, og det er på grunn av dette avskyelege at Herren din Gud tek landet frå dei og gjev det til deg. 13#Sal 15,2; 119,1 Du skal vera heilhjarta mot Herren din Gud. 14Desse folkeslaga som du tek landet frå, høyrer på teikntydarar og spåmenn. Men deg kan Herren din Gud ikkje gje lov til slikt.
Ein profet skal stå fram
15 # Matt 17,4; Joh 1,45; 6,14; Apg 3,22–26; 7,37 # 18,15 ein profet som meg Moses blir stundom rekna som profet. >1 Mos 20,7. Ein profet som meg vil Herren din Gud la stå fram hos deg, ein av landsmennene dine. Han skal de høyra på. 16#2 Mos 20,19; 5 Mos 5,23–31 Det var dette du bad Herren din Gud om ved Horeb den dagen de var samla der: «Lat meg aldri meir få høyra røysta til Herren min Gud eller få sjå denne veldige elden, for då må eg døy.»
17Då sa Herren til meg: Det er rett det dei seier. 18Eg vil la ein profet som deg stå fram, ein av deira eigne. Eg vil leggja orda mine i munnen hans, og han skal forkynna for dei alt det eg byd han. 19Den som ikkje høyrer på dei ord han talar i mitt namn, han vil eg krevja til rekneskap. 20#13,5; Jer 14,15; 28 Men vågar ein profet å tala noko i mitt namn som eg ikkje har sagt han, eller talar han i namnet til andre gudar, då skal den profeten døy. 21Det kan henda at du seier i hjartet ditt: «Korleis veit vi at eit ord ikkje kjem frå Herren22#Jer 28,9 Om profeten talar i Herrens namn, men det han forkynner, ikkje hender og ordet ikkje blir oppfylt, då er dette eit ord som ikkje kjem frå Herren. Profeten har tala det eigenrådig. Du skal ikkje vera redd han!

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring