Sakarja 5

5
Sjette syn: bokrullen
1 # Esek 2,9f Eg lyfte atter auga. Eg såg, og sjå! – ein flygande bokrull. 2#1 Kong 6,3#5,2 tjue alner, ti alner ca. 10 m og 5 m. Engelen spurde: «Kva ser du?» Eg svara: «Eg ser ein flygande bokrull, tjue alner lang og ti alner brei.» 3Han sa: «Dette er forbanninga som går ut over heile landet. Enno har ikkje dei som stel, fått straff etter forbanninga, og heller ikkje dei som sver.
4No sender eg henne ut,
seier Herren over hærskarane.
Ho skal koma inn i huset til den som stel,
og inn i huset til den
som sver falskt ved mitt namn.
Ho skal slå seg til i huset
og øydeleggja det, både treverk og stein.»
Sjuande syn: kvinna i efa-målet
5Engelen som tala med meg, steig fram og sa til meg: «Lyft no auga og sjå kva som kjem.» 6#5,6 efa-målet mjølkrukke eller mjøltønne som tek vel 36 l. Eg spurde: «Kva er dette?» Han svara: «Det er efa-målet som nærmar seg.» Så sa han: «Dette er all skulda i landet.» 7Og sjå, blyloket lyfte seg, og det sat ei kvinne i efaen! 8«Dette er lovløysa», sa han. Så kasta han henne ned att i efaen og la blysteinen over opninga. 9Eg lyfte auga. Eg såg, og sjå! – to kvinner nærma seg. Vinden fylte vengene deira, dei hadde venger som storken. Dei lyfte efaen opp mellom jord og himmel. 10Då spurde eg engelen som tala med meg: «Kvar fer dei med efa-målet?» 11#1 Mos 10,10; 11,2; Dan 1,2#5,11 Sinear-landet Babel. Jf. 1 Mos 11,2. eit hus til henne eit tempel. Han svara: «Dei skal byggja eit hus til henne i Sinear-landet. Når det er ferdig, skal ho stillast opp der på sokkel.»

Markert nå:

Sakarja 5: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring