Sakarja 10

10
Tomme ord og falske syn
1 # Sal 104,13; 135,7; Jer 5,24; 10,13 Be Herren om regn
i tida for vårregnet.
Herren skaper uvêrsskyer,
gjev menneska regnskurer
og vokstrar på marka.
2 # Matt 9,36 # 10,2 terafane hebr. terafim, små gudebilete eller heilage gjenstandar som familien eigde. Dei kunne m.a. nyttast når ein ville ta varsel. Jf. 1 Mos 31,19; Dom 18; Esek 21,26. For terafane har tala tomme ord,
spåmennene har hatt falske syn
og fortalt draumar utan innhald.
Trøysta dei gav, var ingenting verd.
Difor måtte dei driva omkring som sauer
og lida naud,
for dei var utan gjetar.
Israel skal samlast att
3Mot gjetarane logar harmen min,
og bukkane vil eg straffa.
Men Herren over hærskarane
vil sjå til flokken sin, Judas hus,
og gjera dei til sin stolte stridshest.
4 # Jes 22,23.25; 33,20 # 10,4 hjørnesteinen, teltpluggen det som held hus og telt saman. Derifrå kjem hjørnesteinen,
derifrå kjem teltpluggen,
derifrå kjem stridsbogen,
derifrå skal kvar herskar koma.
5 # Mi 7,10 Dei skal likna heltar i striden,
trampa fienden ned som søle i gata.
Dei skal føra krig,
for Herren er med dei.
Ryttarane skal bli til skamme.
6 # Jes 54,8; Sak 9,13 Eg vil gjera Judas hus sterkt,
og Josefs hus bergar eg.
Eg fører dei tilbake,
for eg viser dei miskunn.
Det skal vera
som om eg aldri hadde støytt dei bort,
for eg er Herren deira Gud,
eg skal svara dei.
7 # Sal 104,15 Dei skal vera som heltar frå Efraim,
hjartet deira skal gleda seg som av vin.
Borna skal sjå det og gleda seg
og hjarta deira jubla i Herren.
8 # 5 Mos 30,1ff Eg plystrar på dei og samlar dei,
for eg friar dei ut.
Dei skal bli mange,
slik dei ein gong var.
9 # 3 Mos 26,41ff; 5 Mos 4,27ff; Jer 23,3; Esek 37,1ff Sår eg dei ut mellom folka,
skal dei minnast meg langt borte.
Dei skal leva saman med borna sine
og koma tilbake.
10 # Jes 49,19ff; Hos 11,11 Eg skal føra dei heim att frå Egypt,
og frå Assur skal eg samla dei.
Eg skal leia dei til Gilead-landet og Libanon,
men det finst ikkje nok plass til dei.
11 # 2 Mos 14,21f; Jes 11,15f Han skal kryssa det opprørte havet
og slå bølgjene ned.
Alle djupa i Nilen skal tørkast ut.
Det Assur er stolt av, skal støytast ned,
septeret skal vika frå Egypt.
12 # Mi 4,5 Eg vil gjera dei sterke i Herren,
og dei skal ferdast i hans namn,
seier Herren.

Markert nå:

Sakarja 10: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring