Johannes' openberring 10

10
Engelen med den vesle bokrullen
1 # 1,15f; 4,3 Og eg såg ein annan mektig engel stiga ned frå himmelen. Han var sveipt i ei sky og hadde regnbogen kring hovudet. Andletet var som sola og føtene som eldsøyler. 2#5,1 I handa hadde han ein liten bokrull som var opna. Han sette den høgre foten på havet og den venstre på jorda 3#Am 1,2; 3,8; Joh 12,29f og ropa med kraftig røyst som ei brølande løve. Då han hadde ropa, ljoma røystene frå dei sju torene. 4#Dan 8,26; 12,4.9 Etter at dei sju torene hadde tala, ville eg til å skriva, men eg høyrde ei røyst frå himmelen som sa: «Set segl for det som dei sju torene har sagt, skriv det ikkje ned!»
5 # 5 Mos 32,40; Dan 12,7 Og engelen som eg hadde sett stå på havet og på jorda, lyfte høgre handa mot himmelen 6#2 Mos 20,11 og svor ved han som lever i all æve, han som skapte himmelen og alt som finst der, og jorda og alt som finst der, og havet og alt som finst der: «Tida er ute. 7#Am 3,7; 1 Kor 2,7; Ef 3,9 Men når den sjuande engelen lèt basunen lyda, i dei dagane skal Guds mysterium vera fullført, slik han kunngjorde for tenarane sine, profetane.»
8Den røysta eg hadde høyrt frå himmelen, tala igjen til meg: «Gå bort og ta den opne boka frå handa til engelen som står på havet og på jorda.» 9#Esek 2,8; 3,1ff Då gjekk eg bort til engelen og sa til han: «Gjev meg den vesle bokrullen.» Han sa til meg: «Ta bokrullen og et han! Han skal svi i magen din, men i munnen din skal han vera søt som honning.»
10Så tok eg den vesle bokrullen ut av handa på engelen og åt han, og i munnen var han søt som honning, men då eg hadde svelgt han, sveid det i magen. 11#Jer 1,10; 25,30 Då vart det sagt til meg: «Endå ein gong skal du tala profetord mot folk og folkeslag og tungemål og mot mange kongar.»

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring