Salmane 80

80
1 # 80,1 Liljene >45,1. Til korleiaren. Etter «Liljene». Eit vitnemål. Av Asaf. Ein salme.
2 # 18,11+; 23,1+; Jes 37,16 Lytt, du Israels gjetar,
du som fører Josef lik ein flokk med sauer.
Du som tronar over kjerubane, strål fram!
3 # 80,3 Efraim, Benjamin og Manasse stammar i Nordriket. Vekk di kraft for Efraim, Benjamin og Manasse,
kom oss til hjelp!
4 # 4 Mos 6,25; Sal 89,16; 119,135 # 80,4 lat ditt andlet lysa >4,7. Gud, før oss tilbake,
lat ditt andlet lysa så vi blir frelste!
5Gud Herre Sebaot,
kor lenge skal du svara folket si bøn med rykande vreide?
6Tårebrød gjev du dei å eta,
og tårer må dei drikka til overmål.
7 # 44,14+ Du lèt grannane våre slåst om oss,
fiendane spottar oss.
8Gud Sebaot, før oss tilbake,
lat ditt andlet lysa så vi blir frelste!
9 # 44,3+; Jes 27,2ff # 80,9 vinstokk bilete på Israel. Jf. Jes 5,1ff; Jer 2,21. Ein vinstokk tok du frå Egypt,
du dreiv folkeslag ut og planta han.
10Du rydda plass for han
så han slo rot og fylte landet.
11Fjell vart dekte av skuggen,
mektige sedrar av greinene.
12 # 1 Mos 15,18; 2 Mos 23,31 # 80,12 Storelva Eufrat. Han strekte rankene ut til havet
og renningane til Storelva.
13 # 89,41f Kvifor har du rive ned gjerdet rundt han
så alle som går framom, kan plukka,
14villsvin frå skogen kan gnaga
og krypet på marka kan eta?
15 # 6,5; 119,132 Vend attende, Gud Sebaot,
skoda ned frå himmelen og sjå!
Ta deg av denne vinstokken,
16 # 2 Mos 4,22 det du har planta med di høgre hand,
sonen som du sjølv har gjeve styrke!
17Treet er brent opp i elden, hogge av.
Dei skal gå til grunne når du trugar.
18 # 110,1 Hald di hand over han som er ved di høgre side,
over mennesket som du sjølv har gjeve styrke,
19så vil vi aldri trekkja oss bort frå deg.
Vekk oss til liv att,
så vil vi kalla på ditt namn!
20Gud Herre Sebaot, før oss tilbake,
lat ditt andlet lysa så vi blir frelste!

Markert nå:

Salmane 80: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring