Salmane 71

71
1 # 25,2+ Hos deg, Herre, søkjer eg tilflukt,
lat meg aldri bli til skamme!
2Berg meg og fri meg ut i di rettferd,
vend øyret til meg og frels meg!
3 # 18,3+ Ver meg eit vern og eit berg
dit eg alltid kan koma!
Du har sagt at du vil frelsa meg,
du er mitt fjell og mi borg.
4 # 140,2 Fri meg, Gud, frå handa til dei lovlause,
frå grepet til dei som fer med urett og vald!
5Du er mi von, min Herre og Gud,
mi trøyst frå eg var ung.
6 # 22,10 Frå eg vart fødd, har eg stødd meg til deg,
frå mors liv er du min styrke.
Eg vil alltid prisa deg.
7Eg har vorte til eit teikn for mange,
du er mi tilflukt og mitt vern.
8Min munn er full av lovsong,
eg syng om din herlegdom dagen lang.
9 # 22,12+; Jes 46,4 Kast meg ikkje bort i alderdoms år,
forlat meg ikkje når kreftene tek slutt!
10 # 56,7 Fiendane mine talar om meg,
dei som står meg etter livet, held råd.
11 # 3,3; 22,9 Dei seier: «Gud har forlate han.
Jag han og grip han!
Det er ingen som bergar han.»
12 # 22,12+ Ver ikkje langt borte frå meg, Gud.
Min Gud, skund deg og hjelp meg!
13 # 6,11+ Lat dei som set fram klagemål mot meg,
bli til skamme og gå til grunne.
Lat dei som søkjer mi ulukke,
bli dekte av vanære og skam!
14Men eg vil alltid venta med von,
eg vil leggja min lovsong til all lovsong du får.
15 # 40,6 Min munn skal fortelja om di rettferd,
dagen lang om di frelse,
endå dine gjerningar ikkje kan teljast.
16Eg vil tala om Herren Guds storverk,
forkynna di rettferd, di åleine.
17Gud, frå eg var ung, har du lært meg opp.
Framleis fortel eg om dine under.
18 # Jes 46,4 Gud, forlat meg ikkje
sjølv når eg blir gammal og grå,
lat meg tala om di kraft
til heile den slekta som kjem.
Ditt velde 19#2 Mos 8,10; 5 Mos 3,24; Sal 36,6+ og di rettferd, Gud,
når til det høgste.
Du som har gjort så store ting,
Gud, kven er som du?
20 # 5 Mos 32,39+ Trengsler og ulukker
lét du meg sjå,
men du vekkjer meg til liv på nytt,
og du lyfter meg opp att
frå djupa under jorda.
21Gjev meg min stordom tilbake,
vend deg til meg og trøyst meg!
22 # 33,2+ Så vil eg prisa deg til harpespel,
prisa din truskap, min Gud.
Eg vil syngja for deg og spela på lyre,
du Israels Heilage.
23 # 103,1ff Når eg spelar for deg,
skal leppene mine jubla,
mi sjel som du har fria ut.
24Også tunga mi skal tala
dagen lang om di rettferd.
For dei som vil meg vondt,
har vorte til skamme og til spott.

Markert nå:

Salmane 71: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring