Salmane 38

38
1Ein salme av David. Til påminning.
2 # 6,2+ Herre, refs meg ikkje i din vreide,
straff meg ikkje i din harme!
3 # Job 6,4; Sal 7,13+ For dine piler har råka meg,
di hand kviler tungt på meg.
4I kroppen er ingenting uskadd,
for du er harm,
ikkje eit bein er heilt,
for eg har synda.
5 # 40,13; 65,4 Skulda veks meg over hovudet
lik ei bør som er altfor tung.
6Eg har sår som luktar og renn av verk
på grunn av min dårskap.
7 # 42,10 Eg er kroket og nedbøygd,
eg går og sørgjer dagen lang.
8Hoftene brenn av smerte,
ingenting er friskt i mitt kjøt.
9Eg er kraftlaus og knust;
eg skrik ut mitt hjartes klage.
10 # 2 Mos 2,4; 6,5 Herre, du kjenner min lengsel,
mitt sukk er ikkje løynt for deg.
11Hjartet hamrar, krafta sviktar,
sjølv lyset i auga har forlate meg.
12 # Job 19,13f; Sal 31,12; 69,9; 88,9.19; 142,5 Vener og dei som står meg nær,
held seg borte frå mi plage,
mine næraste held seg langt unna.
13Dei som står meg etter livet,
set snarer for meg.
Dei som vil meg vondt, talar om å skada meg,
dei grundar dagen lang på svik.
14 # 39,3; Jes 53,7 Men eg er lik ein døv, eg høyrer ikkje,
eg er lik ein mållaus som ikkje opnar munnen.
15Eg er lik ein mann som ikkje høyrer
og ikkje har svar i sin munn.
16 # 39,8; 62,6; 71,5 Men det er deg, Herre, eg ventar på.
Du vil svara meg, Herre, min Gud.
17Eg sa: Lat dei ikkje gleda seg over meg
og ikkje briska seg når foten min er ustø.
18For eg held på å falla,
mi smerte står alltid for meg.
19 # 32,5+ Ja, eg vedkjenner mi skuld
og sørgjer over mi synd.
20Men fiendane lever og er sterke,
dei som hatar meg utan grunn, er mange.
21 # 35,12; 109,5 Dei som løner godt med vondt, står meg imot
fordi eg jagar etter det gode.
22 # 22,12+ Herre, forlat meg ikkje!
Min Gud, ver ikkje langt borte frå meg!
23Skund deg og hjelp meg,
Herre, mi frelse!

Markert nå:

Salmane 38: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring