Salmane 30

30
1Ein salme. Ein song til tempelvigsla. Av David.
2 # 18,17 Eg opphøgjer deg, Herre,
for du drog meg opp,
du lét ikkje fienden fryda seg over meg.
3 # 103,3; 147,3 Herre, min Gud, eg ropa til deg,
og du lækte meg.
4 # 56,4; 86,13 Herre, du førte mi sjel opp frå dødsriket,
du gav meg liv på nytt då eg var i grava.
5 # 32,11; 33,1; 97,12 Spel for Herren, de hans trugne,
pris hans heilage namn!
6 # Jes 54,7; Joh 16,20 Ein augneblink varer hans vreide,
heile livet varer hans nåde.
Om kvelden kjem gråt som gjest,
om morgonen blir det gledesong.
7Eg kjende meg trygg og sa:
«Aldri skal eg vakla!»
8 Herre, i din velvilje
sette du meg på fast fjell;
men så løynde du ditt andlet,
eg vart gripen av redsle.
9Til deg, Herre, ropa eg,
eg bad til Herren om nåde:
10 # 6,6+ «Kva tener det til at blodet renn,
at eg går i grav?
Kan vel støvet prisa deg?
Kan det forkynna din truskap?
11Høyr meg, Herre,
ver meg nådig!
Herre, ver mi hjelp!»
12 # Jes 25,8f; 61,3 # 30,12 sekkestrien grov tekstil av dyrehår, eit ytre teikn på sorg eller anger. =sørgjeskikkar. Du vende mi dødsklage til dans,
du tok sekkestrien av meg
og kledde meg i glede.
13Difor syng eg din pris og er ikkje stille.
Herre, min Gud, eg vil alltid prisa deg.

Markert nå:

Salmane 30: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring