Salmane 113

113
1 # 134,1; 135,1 Halleluja!
Syng lovsong, Herrens tenarar,
pris Herrens namn!
2 # 115,18; Dan 2,20 Velsigna vere Herrens namn
frå no og til evig tid!
3 # Mal 1,11 Der sol går opp og sol går ned,
skal Herrens namn vera lova.
4 # 148,13 Herren er opphøgd over alle folkeslag,
hans herlegdom er høgare enn himmelen.
5 # 2 Mos 15,11; Sal 138,6 Kven er som Herren vår Gud,
han som tronar i det høge
6og ser i det djupe
– kven i himmelen, kven på jorda?
7 # 1 Sam 2,8; Sal 147,6; Luk 1,52 Han reiser den veike opp av støvet
og lyfter den fattige frå dungen.
8 # 34,16+ Han gjev dei plass blant stormenn,
dei store i sitt folk.
9 # 1 Mos 21,2; 1 Sam 1,20; 2,5; Jes 54,1; Luk 1,57 Den barnlause lèt han bu i huset
som lukkeleg mor til ein barneflokk.
Halleluja!

Markert nå:

Salmane 113: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring