Ordtaka 31

31
Sjette samlinga
(31,1–9)
Den gode kongen
1 # 31,1 lærdom >30,1. Ord frå kong Lemuel, lærdom mor hans gav han.
2Min son,
du son som eg bar,
min lovnads-son:
3 # 5 Mos 17,17; 1 Kong 11,4 Gjev ikkje di kraft til kvinner,
ditt liv til det som øydelegg kongar.
4 # 20,1; Fork 10,16f Det sømer seg ikkje for kongar, Lemuel,
det sømer seg ikkje for kongar å drikka vin
eller for fyrstar å trå etter sterk drikk.
5 # Jes 5,22f; 28,7 Då vil dei drikka og gløyma lovboda
og fordreia retten for alle undertrykte.
6Men gjev sterk drikk til den som går til grunne,
og vin til den som er bitter til sinns.
7Lat han drikka og gløyma sin fattigdom
så han ikkje meir hugsar si naud.
8 # Job 29,12–17; Sal 82,3f Lat opp din munn for den som ikkje sjølv kan tala,
før saka for dei som held på å bukka under.
9Lat opp din munn og døm rettferdig,
lat hjelpelause og fattige få sin rett!
Den gode kona
(31,10–31)
Alef
א
10 # 3,15; 18,22 # 31,10 31,10–31 er eit alfabetisk dikt, der versa tek til med dei ulike bokstavane i det hebr. alfabetet. Ei dugande kone, kven finn vel henne?
Langt meir enn perler er ho verd.
Bet
ב
11Mannen lit på henne i sitt hjarte,
og vinning manglar han ikkje.
Gimel
ג
12Ho gjer berre godt mot han,
ikkje noko vondt så lenge ho lever.
Dalet
ד
13Ho skaffar seg ull og lin,
hendene arbeider med liv og lyst.
He
ה
14Ho er som handelsskipa,
ho skaffar mat langt bortanfrå.
Waw
ו
15Før det lysnar av dag, er ho oppe,
gjev huslyden mat
og set tenestejentene i arbeid.
Zajin
ז
16Ho ser seg ut eit jordstykke og kjøper det;
for det ho har tent, plantar ho ei vinmark.
Het
ח
17Styrke er beltet ho har om livet,
ho tek i med sterke armar.
Tet
ט
18Ho merkar at forretningane går godt,
lampa hennar sloknar ikkje om natta.
Jod
י
19Ho legg hendene på rokken,
og fingrane grip om teinen.
Kaf
כ
20 # 22,9; 28,27 Ho opnar handa for den som lid naud,
retter hendene ut til den fattige.
Lamed
ל
21Kjem det snø, er ho ikkje redd for sine,
for alle i huset har ekstra klede.
Mem
מ
22Ho lagar sine eigne teppe,
ho har klede av lin og purpur.
Nun
נ
23 # 31,23 byporten >1,21. Mannen hennar er akta i byporten,
der han sit med dei eldste i landet.
Samek
ס
24Ho lagar linklede som ho sel,
og sender belte til kjøpmannen.
Ajin
ע
25Styrke og vørdnad er hennar klednad,
ho ler mot komande dagar.
Pe
פ
26 # 16,23f Ho opnar munnen med visdom,
kjærleg rettleiing har ho på tunga.
Tsade
צ
27 # 10,4; 11,16 Ho ser etter korleis det går i huset,
og et ikkje latskaps brød.
Qof
ק
28Borna stig fram og prisar henne lukkeleg,
mannen gjev henne ros:
Resj
ר
29«Mange kvinner har vist at dei er dugande,
men du overgår dei alle.»
Sjin
ש
30Ynde sviktar, og venleik forgår,
men ei kvinne som fryktar Herren, skal ha ros.
Taw
ת
31Pris henne for frukta av arbeidet hennar,
gjerningane skal gje henne ros i byens portar.

Markert nå:

Ordtaka 31: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring