Ordtaka 30

30
Femte samlinga
(Kap. 30)
Agurs visdomsord
1 # 30,1–3 Tydinga av den hebr. teksten er usikker. lærdom hebr. massa, kan òg forståast som stadnamn. Massa er ein nordarabisk stamme av Ismael-ætta. Jf. 1 Mos 25,14. Ord av Agur, son til Jake. Til lærdom.
Slik lyder mannens ord: Gud, eg er trøytt,
Gud, eg er trøytt, eg greier ikkje meir.
2Eg er dummare enn andre menn,
eg har ikkje forstand som eit menneske.
3 # 30,3 dei heilage kanskje englane. Jf. 9,10. Eg har ikkje lært visdom
så eg kunne få del i kunnskapen til dei heilage.
4 # 5 Mos 30,12; Job 38,4ff; Jes 40,12; Rom 10,6 Kven steig opp til himmelen
og steig ned att?
Kven samla vinden i si hole hand?
Kven lukka vatnet inne i kappa si?
Kven fastsette alle grensene for jorda?
Kva heiter han, og kva heiter son hans?
Veit du det?
5 # Sal 12,7; 18,31; 119,140 Kvart ord frå Gud er reinsa.
Han er eit skjold for dei
som tek si tilflukt til han.
6 # 5 Mos 4,2; 12,32 Legg ikkje noko til hans ord,
elles går han i rette med deg
og du står der som løgnar.
7To ting vil eg be deg om,
nekt meg dei ikkje så lenge eg lever:
8 # Sal 119,29; 1 Tim 6,8 Hald løgn og svik langt borte frå meg!
Gjer meg korkje fattig eller rik,
men lat meg få den maten eg treng!
9 # 5 Mos 32,15 Elles kunne eg bli så mett
at eg fornekta deg og spurde:
«Kven er Herren
eller bli så fattig at eg stal
og krenkte namnet til min Gud.
10Baktal ikkje ein slave for herren hans,
elles vil han forbanna deg,
og du må bøta for di skuld.
11 # 2 Mos 21,17 Det finst ei slekt som forbannar far sin
og ikkje velsignar mor si,
12ei slekt som er rein i eigne auge,
men ikkje har vaska skiten av seg,
13ei slekt med så stolte auge
og lyfte augnebryn,
14 # Sal 14,4 ei slekt med tenner som sverd
og gap som knivar,
dei vil eta dei hjelpelause ut av landet
og dei fattige ut av folket.
15Blodiglen har to døtrer: «Gjev» og «Gjev».
Det finst tre som ikkje blir mette,
fire som aldri seier «det er nok»:
16 # 27,20 dødsriket og det lukka morslivet,
jorda, som alltid tørstar etter vatn,
og elden, som aldri seier: «Det er nok.»
17 # 20,20+; 23,22 # 30,17 ved bekken der han vart liggjande utan å bli gravlagd. Jf. 1 Sam 17,44; 1 Kong 14,11; Jer 16,4. Eit auge som spottar far sin
og nektar å lyda mor si,
det skal ramnane ved bekken hakka ut
og ørnungane eta opp.
18Tre ting er for underfulle for meg,
og fire skjønar eg ikkje:
19ørns veg over himmelen,
orms veg over berget,
skips veg over havet
og manns veg til ei ung kvinne.
20Slik gjer ei utru kvinne:
Ho et og tørkar seg om munnen
og seier: «Eg har ikkje gjort noko gale.»
21Tre ting får jorda til å skjelva,
og fire kan ho ikkje tola:
22 # 19,10 ein tenar som blir konge,
og ein dåre som får mat i overflod,
23ei forakta kvinne som blir gift,
og ei slavekvinne som trengjer husfrua si unna.
24Fire små er det på jorda,
endå er dei visast av dei vise:
25 # 6,6–8; 10,5 Mauren er ikkje noko sterkt folk,
endå legg han seg opp føde om sommaren.
26 # 30,26 Fjellgrevlingen lat. hyrax, ein liten planteetar. =dyr. Fjellgrevlingen er ikkje noko mektig folk,
endå byggjer han seg bustad i berget.
27Grashoppene har ingen konge,
endå rykkjer dei fram i formasjon.
28Firfisla kan ein fanga med hendene,
endå bur ho i kongens slott.
29Tre går med stolte steg,
fire har ei vakker gonge:
30løva, kjempa mellom dyra,
som ikkje vik for nokon,
31hanen som briskar seg,
bukken først i flokken
og kongen i spissen for sin hær.
32 # Job 39,37; Mi 7,16 Har du vore dum og gjort deg stor
eller tenkt på det,
så legg handa på munnen!
33For trykk på mjølka gjev smør,
trykk på nasen gjev blod,
trykk på vreiden gjev strid.

Markert nå:

Ordtaka 30: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring