Filipparane 2

2
1Om det no er trøyst i Kristus, glød i kjærleiken, fellesskap i Anden, om det finst medkjensle og miskunn, 2#Rom 12,16; 15,5; 1 Kor 1,10; 2 Kor 13,11; Fil 4,2 så gjer mi glede fullkomen: Ha same sinnelaget og same kjærleiken, ver eitt i sjel og sinn. 3#Gal 5,26 Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve. 4#1 Kor 10,24.33 Tenk ikkje berre på dykkar eige beste, men òg på det som er godt for dei andre. 5#Joh 13,15f Lat det same sinnelaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!
6 # 2,6–11 Kanskje gjev Paulus her att ein urkristen hymne. # Joh 1,1f; 17,5 Han var i Guds skapnad
og såg det ikkje som eit rov
å vera Gud lik, #2,6 rov kan òg omsetjast «ran» eller «bytte».
7 # Jes 52,13ff; Matt 12,18; 20,28; Rom 8,3; 2 Kor 8,9; Hebr 2,14.17 men gav avkall på sitt eige,
tok ein tenars skapnad
og vart menneske lik.
Då han stod fram som menneske,
8 # Joh 10,17; Hebr 5,8; 12,2 fornedra han seg sjølv
og vart lydig til døden, ja, døden på krossen.
9 # Ef 1,21; Hebr 1,3f # 2,9 namnet over alle namn Guds eige namn. Jf. 2 Mos 3,13–15; Sal 148,13; Sak 14,9. =Guds namn. Difor har òg Gud
opphøgd han til det høgste
og gjeve han namnet over alle namn.
10 # Jes 45,23; Rom 14,11 I Jesu namn skal difor
kvart kne bøya seg,
i himmelen, på jorda og under jorda,
11 # Apg 2,36; Rom 10,9; 1 Kor 12,3 og kvar tunge vedkjenna
at Jesus Kristus er Herre,
til Gud Faders ære!
12 # Ef 6,5; 1 Pet 1,17 # 2,12 respekt og ærefrykt Uttrykket har bakgrunn i jødisk andaktsliv og står for den rette haldninga overfor Gud. Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hos dykk. Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse med respekt og ærefrykt. 13#2 Kor 3,5 For det er Gud som er verksam i dykk, så de både vil og gjer det som er etter Guds gode vilje. 14Gjer alt utan murring og misnøye, 15#Matt 5,14ff+; Apg 2,40+ så de kan vera lytefrie og reine, Guds ulastelege born midt i ei vrang og villfaren slekt. Mellom dei skin de som stjerner på nattehimmelen 16#2 Kor 1,14+ når de held fast på livsens ord, og då skal eg få den ros på Kristi dag at løpet mitt og strevet mitt ikkje har vore bortkasta. 17#Rom 15,16; 2 Kor 12,15; 2 Tim 4,6#2,17 ofrast Det gr. ordet kan nyttast om eit drikkoffer som blir aust ut. Jf. 4 Mos 15. Paulus siktar kanskje til martyriet, at blodet hans skal bli aust ut. Ja, om så eg sjølv skal ofrast når eg gjer altarteneste og ber dykkar tru fram som offer, er eg likevel glad og gleder meg saman med dykk alle. 18#3,1; 4,4 Like eins skal de òg vera glade og gleda dykk saman med meg.
Timoteus og Epafroditus, to trufaste medarbeidarar
19 # 1 Tim 1,2+ I Herren Jesus har eg den vona at eg snart kan senda Timoteus til dykk, så eg òg kan få nytt mot når eg får høyra korleis det går med dykk. 20Eg har ingen som han, ingen som så ærleg kan ha omsorg for dykk. 21#1,17 Alle dei andre søkjer sitt eige, ikkje Jesu Kristi sak. 22Men de veit at Timoteus har stått si prøve. Han har arbeidd for evangeliet saman med meg, slik ein son hjelper far sin. 23Eg vonar eg kan senda han til dykk så snart eg ser korleis det går med saka mi, 24#1,25 men i Herren veit eg at eg snart skal koma sjølv.
25 # 4,18 # 2,25 Epafroditus er berre omtala i Fil. Jf. 4,18. utsending apostel. =tenester. Eg har òg funne det naudsynt å senda Epafroditus tilbake til dykk. Han er min bror og medarbeidar og stridskamerat, og han var dykkar utsending som skulle hjelpa meg med det eg trong. 26Han lengta etter dykk alle og var uroleg fordi de hadde høyrt at han var sjuk. 27Han var alvorleg sjuk, ja, døden nær. Men Gud miskunna seg over han, ja, ikkje berre over han, men òg over meg, så eg ikkje skulle få sorg på sorg. 28Difor var det endå viktigare for meg å senda han til dykk, så de kan gleda dykk over å sjå han att og eg kan ha ei sorg mindre. 29#1 Kor 16,16.18 Ta imot han i Herrens namn med inderleg glede, og hald slike som han høgt i ære. 30#Apg 20,24 Det var i arbeidet for Kristus han var døden nær; han våga livet for å gje meg det som mangla i den hjelpa eg fekk frå dykk.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring