Obadja 1
N11NN

Obadja 1

1
Dommen over Edom
1 # Jes 34; Jer 49,7ff; Esek 25,12; Joel 3,24; Mal 1,2ff Obadjas syn.
Så seier Herren Gud om Edom:
Ein bodskap har vi høyrt frå Herren,
ein bodberar er send til folkeslaga:
«Opp! Vi går til krig mot Edom!»
2 # Jer 49,15f Sjå, eg gjer deg liten mellom folka,
djupt forakta skal du vera.
3Ditt hovmodige hjarte har narra deg,
du som bur i fjellkløfter
og held til høgt der oppe.
Du seier i hjartet:
«Kven kan støyta meg til jorda?»
4 # Jer 49,16; 51,53 Om du stig høgt som ørna,
om du legg reiret ditt mellom stjerner,
skal eg støyta deg ned derifrå,
seier Herren.
5 # Jer 49,9f Om tjuvar kom til deg,
om røvarar kom om natta
– det er ute med deg! –
tok dei då berre det dei trong.
Om drueplukkarar kom til deg,
lèt dei då att ein etterhaust.
6 # 6 Esau Edom. Esau vart rekna som stamfar til edomittane. Jf. 1 Mos 25,30; 36,1ff. Men Esau blir gjennomsøkt,
dei løynde skattane hans blir leita opp.
7 # Sal 41,10; Jer 38,22; 49,7; Dan 11,26 Alle du var i pakt med,
driv deg av stad mot grensa.
Alle du hadde fred med,
svik deg og sigrar over deg.
Dei som delte brød med deg,
set feller for deg:
«Det finst ikkje vit i han.»
8 # Jes 29,14; Jer 49,7 Den dagen, seier Herren,
skal eg utsletta dei vise i Edom
og klokskapen på Esaus fjell.
9 # 9 Teman område i Edom, ofte nytta om heile landet. Dine krigarar, Teman, blir slegne av skrekk,
for kvar og ein skal utryddast frå Esaus fjell.
På grunn av drap 10#Joel 3,24; Am 1,11f og vald mot Jakob, bror din,
skal du dekkjast av skam.
Du skal utryddast for alltid.
11 # Sal 137,7; Jes 63,1ff; Esek 25,12ff; Joel 3,7f; Mal 1,2ff Den dagen du heldt deg borte,
dagen då framande førte hæren hans bort som fangar,
då utlendingar gjekk inn gjennom hans portar
og kasta lodd om Jerusalem,
då var du som ein av dei.
12 # Mi 4,11 Sjå ikkje på bror din med fryd
på lagnadsdagen hans!
Gled deg ikkje over folket i Juda
den dagen dei går til grunne!
Ver ikkje stor i munnen
den dagen dei er i naud!
13 # Mi 1,9 Gå ikkje inn gjennom porten til folket mitt
på ulukkedagen deira!
Sjå ikkje med glede, du òg,
på det vonde som råka dei
på ulukkedagen!
Grip ikkje etter rikdomen deira
på ulukkedagen!
14Still deg ikkje ved vegskilja
for å hogga ned flyktningane!
Utlever ikkje dei overlevande
den dagen det er naud!
15 # Joel 1,15; 3,9.12; Am 5,18; Hab 2,8.17 For Herrens dag er nær
over alle folkeslag.
Slik du har gjort,
skal det gjerast mot deg.
Dine gjerningar kjem att
over ditt eige hovud.
Israel blir gjenreist
16 # Sal 75,9; Jer 25,15ff; 49,12 # 16 drikka av Guds vreidevin. Jf. Jer 25,15; Sak 12,2. Som de drakk på mitt heilage fjell,
skal alle folkeslag alltid drikka,
drikka og svelgja
og bli som om dei aldri hadde vore til.
17 # Joel 3,5.21f Men på Sion-fjellet skal det finnast berging.
Det skal vera heilagt.
Jakobs hus skal driva ut dei som dreiv dei ut.
18 # Jes 10,17; Mal 4,1 Jakobs hus skal vera ein eld
og Josefs hus ein loge,
og Esaus hus skal bli til halm.
Dei skal brenna dei og fortæra dei,
ikkje éin frå Esaus hus skal overleva.
Herren har tala.
19Negev skal ta Esaus fjell i eige,
låglandet skal ta filistarlandet,
dei skal ta Efraim-landet og Samaria-landet,
og Benjamin skal ta Gilead i eige.
20 # 20 Sarepta by i Fønikia, sør for Sidon. Jf. 1 Kong 17,9. Sefarad i Spania, eller Sardes i Vesleasia. Dei bortførte, denne hæren av israelittar,
skal ta det som tilhøyrde kanaanearane, heilt til Sarepta,
og dei frå Jerusalem som er i eksil i Sefarad,
skal ta byane i Negev.
21 # Joel 3,5; Mi 4,6f; Sak 14,9 Dei som er fria ut, skal gå opp på Sion-fjellet
og dømma Esaus fjell.
Og riket skal høyra Herren til.

© 2011 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies).

© 2011 Det Norske Bibelselskap. Alle rettar globalt. Brukt med løyve gjennom avtale med UBS (United Bible Societies).


Lær mer om Bibelen 2011 nynorsk