4. Mosebok 25

25
Israels fråfall ved Peor
1 # 25,1 Sjittim Abel-Sjittim, «Akasiebekken», på slettene nordaust for Daudehavet. Jf. 33,49. Medan israelittane heldt til i Sjittim, tok dei til å driva hor med moabittkvinner. 2#31,16 Desse kvinnene bad dei til ofringar for gudane sine, og folket åt og tilbad gudane deira. 3#23,28; 5 Mos 3,29; 4,3; Jos 22,17; Sal 106,28; Hos 9,10#25,3 Baal-Peor moabittisk gud. Då Israel batt seg til Baal-Peor, flamma Herrens vreide opp mot Israel. 4#5 Mos 21,22f Han sa til Moses: «Ta alle leiarane i folket og heng dei opp for Herren under open himmel! Så vil Herrens brennande vreide venda seg bort frå Israel.» 5Moses sa til dommarane i Israel: «Kvar av dykk skal drepa dei av mennene dykkar som har halde seg til Baal-Peor.»
6 # 25,6 ei kvinne frå Midjan Midjanittane var på denne tida i samband med moabittane og i strid med Israel. Jf. 22,4.7. Men sjå, då kom ein mann, ein av israelittane, med ei kvinne frå Midjan. Han førte henne inn mellom sine eigne landsmenn, midt for auga på Moses og heile Israels forsamling, der dei sat og gret ved opninga til teltheilagdomen. 7#Sal 106,30 Då Pinhas, som var son til presten Elasar og soneson til Aron, såg det, reiste han seg, steig fram or flokken og tok eit spyd. 8Så følgde han etter israelitten inn i soverommet og rende det gjennom dei begge, både israelitten og kvinna, så det gjekk inn i livet hennar. Då stogga pesten som herja mellom israelittane. 9#1 Kor 10,8 Men dei som hadde mista livet i pesten, var tjuefire tusen.
10 Herren sa til Moses: 11«Pinhas, son til presten Elasar og soneson til Aron, har vendt harmen min bort frå israelittane fordi han viste brennande iver for meg mellom dei. Difor gjorde eg ikkje ende på dei i min eigen brennande iver. 12Av den grunn skal du seia: Eg gjer mi fredspakt med han. 13#Sal 106,31 Med han og etterkomarane hans skal det gjerast ei pakt om presteteneste for all framtid, fordi han viste brennande iver for sin Gud og gjorde soning for israelittane.»
14Namnet på den israelitten som vart drepen, han som vart stukken ned saman med midjanittkvinna, var Simri, son til Salu, ein av leiarane i Simon-stammen. 15#31,8 Og den drepne midjanittkvinna heitte Kosbi. Ho var dotter til Sur, som var leiar for ei av slektene i Midjan.
16Sidan sa Herren til Moses: 17#31,2 «Gå til strid mot midjanittane og slå dei ned! 18For dei gjekk til strid og la ei listig felle for dykk. Det var dette som hende i saka med Peor og med Kosbi, ho som var dotter til ein midjanittleiar, og ei av deira eigne, og som vart drepen den gongen pesten herja etter saka med Peor.»
Ny folketeljing
19Då pesten var over,

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring