4. Mosebok 10

10
Trompetsignal og oppbrot
1 Herren sa til Moses: 2Lag deg to trompetar! Du skal laga dei av hamra sølv. Du skal bruka dei når du kallar forsamlinga saman, og når leiren skal brytast. 3Når dei blæs i dei, skal heile forsamlinga koma saman hos deg ved opninga til teltheilagdomen. 4Blæs dei berre i den eine, skal leiarane, overhovuda for Israels tusen, samlast hos deg. 5Når de blæs lange støytar, skal dei som har leir mot aust, bryta opp. 6Når de blæs lange støytar andre gongen, skal dei som har leir mot sør, bryta opp. Lange støytar skal blåsast når dei skal bryta opp. 7Når de kallar forsamlinga saman, skal de gje signal, men ikkje blåsa lange støytar.
8 # Jos 6,1–20 Det er Aron-sønene, prestane, som skal blåsa i trompetane. Dette skal vera ei evig ordning for dykk, frå slekt til slekt. 9#31,6; 2 Krøn 13,12.14 Når de dreg i krig i dykkar eige land mot ein fiende som går til åtak på dykk, skal de blåsa lange støytar på trompetane. Då skal Herren dykkar Gud minnast dykk, så de blir berga frå fiendane. 10#2 Krøn 7,6#10,10 glededagane særskilde festdagar, t.d. etter ein siger. nymånedagane =festar og høgtider. På glededagane og i høgtidene og på nymånedagane dykkar skal de blåsa i trompetane når de ber fram brennoffer og fredsoffer. Det skal vera ei påminning om dykk hos dykkar Gud. Eg er Herren dykkar Gud.
Israelittane tek ut frå Sinai
11I det andre året, på den tjuande dagen i den andre månaden, lyfte skya seg frå vitnemålsbustaden. 12#12,16#10,12 Paran-ørkenen >1 Mos 21,21. Då braut israelittane opp frå Sinai-ørkenen og drog fram i dagsmarsjar. Og skya stansa i Paran-ørkenen. 13Dette var første gongen dei braut opp på Herrens ord gjennom Moses. 14Leiren til Juda-sønene braut først opp under sitt banner, hæravdeling for hæravdeling. Hærføraren var Nahsjon, son til Amminadab. 15Hærføraren for Jissakar-stammen var Netanel, son til Suar. 16Hærføraren for Sebulon-stammen var Eliab, son til Helon. 17#4,24f.43; 7,6f Så vart bustaden teken ned, og dei som skulle bera han, Gersjon-sønene og Merari-sønene, braut opp.
18Så braut Ruben-leiren opp under sitt banner, hæravdeling for hæravdeling. Hærførar var Elisur, son til Sjede'ur. 19Hærførar for Simon-stammen var Sjelumiel, son til Surisjaddai. 20Hærførar for Gad-stammen var Eljasaf, son til De'uel. 21#4,4 Så braut kehatittane opp, dei som bar dei heilage tinga. Før dei kom fram, skulle bustaden reisast. 22Så braut leiren til Efraim-sønene opp under sitt banner, hæravdeling for hæravdeling. Hærføraren var Elisjama, son til Ammihud. 23Hærførar for Manasse-stammen var Gamliel, son til Pedasur. 24Hærførar for Benjamin-stammen var Abidan, son til Gidoni.
25Så braut leiren til Dan-sønene opp under sitt banner, som baktropp for alle leirane, hæravdeling for hæravdeling. Hærføraren var Ahieser, son til Ammisjaddai. 26Hærførar for Asjer-stammen var Pagiel, son til Okran. 27Hærførar for Naftali-stammen var Ahira, son til Enan. 28Slik var avmarsjen då israelittane drog av stad, hæravdeling for hæravdeling.
29 # 2 Mos 2,18; 3,1; 18,1ff Moses sa til svogeren sin, Hobab, son til Re'uel frå Midjan: «No bryt vi opp og dreg til den staden som Herren sa han ville gje oss. Kom med oss, så skal vi sørgja godt for deg. For Herren har lova det gode for Israel.» 30Hobab svara: «Eg blir ikkje med, eg går heller heim til mitt eige land og mi eiga slekt.» 31Då sa Moses: «Gå ikkje frå oss! Du veit best kvar vi skal slå leir i ørkenen. Du må vera auge for oss. 32Går du med oss, skal vi la alt det gode som Herren gjer mot oss, òg koma deg til gode.»
33 # 10,33 Herrens fjell det heilage fjellet, Sinai el. Horeb. Jf. 2 Mos 3,1. Så braut dei opp og drog frå Herrens fjell, tre dagsreiser. Og Herrens paktkiste drog føre dei, tre dagsreiser, for å finna ein kvilestad for dei. 34Herrens sky var over dei om dagen når dei braut opp frå leiren.
35 # Sal 68,2; Jes 33,3 Kvar gong kista braut opp, sa Moses:
«Reis deg, Herre!
Lat fiendane dine bli spreidde
og motstandarane dine flykta for deg!»
36Og når ho var i ro, sa han:
«Kom tilbake, Herre,
til Israels ti tusen gonger tusen!»

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring