Markus 3

3
1Han gjekk inn i synagogen att. Der var det ein mann som hadde ei visna hand. 2Og dei heldt auge med Jesus om han ville lækja mannen på sabbaten, så dei kunne få noko å klaga han for. 3Men han sa til mannen med den visne handa: «Reis deg og kom fram!» 4#Matt 12,10f; Luk 6,9; 13,14ff; 14,3; Joh 5,16; 9,14.16 Så spurde han dei andre: «Kva har ein lov til på sabbaten? Å gjera godt eller gjera vondt, berga liv eller drepa?» Men dei svara ikkje. 5#Joh 12,40 Då såg han på dei som stod omkring, harm og sorgfull fordi dei hadde så harde hjarte. Og han sa til mannen: «Rett fram handa!» Mannen så gjorde, og handa hans vart god att. 6#12,13#3,6 herodianarane truleg namn på ei gruppe mektige personar som støtta den herodianske kongsætta. Men farisearane gjekk ut, og saman med herodianarane tok dei straks til å leggja planar mot Jesus for å ta livet av han.
Folket flokkar seg kring Jesus
(Matt 4,23–25; Luk 6,17–19)
7Så drog Jesus med læresveinane sine ned til sjøen, og ein stor folkehop frå Galilea følgde han. Og frå Judea 8#3,8 Idumea gr. namn på eit område sør for Judea; det hebr. namnet er Edom. landet bortanfor Jordan området aust og nordaust for Daudehavet, òg kalla Perea. Tyros og Sidon bystatar på kysten av Fønikia ved Middelhavet. Står i evangelia som symbol på heidningverda og innbyggjarane der, som motsetning til Israel. Jf. Matt 11,21; Mark 7,24; Luk 6,17. og Jerusalem, frå Idumea og landet bortanfor Jordan og frå bygdene kring Tyros og Sidon kom dei til han i store flokkar, for dei hadde høyrt om alt han gjorde. 9#4,1; Luk 5,3 Då sa han til læresveinane at dei skulle halda ein båt klar for han, om folket skulle trengja for hardt innpå han. 10#6,56 For han lækte mange, så alle som hadde plager, trengde seg fram for å røra ved han. 11Og når dei ureine åndene såg han, kasta dei seg ned for han og ropa: «Du er Guds Son!» 12#1,44+ Men han truga dei og forbaud dei strengt å gjera kjent kven han var.
Jesus kallar dei tolv apostlane
(Matt 10,1–4; Luk 6,12–16)
13Så gjekk Jesus opp i fjellet. Han kalla til seg dei han ville, og dei kom til han. 14#6,7ff#3,14 som han òg kalla apostlar Orda manglar i mange handskrifter. Jf. Luk 6,13. apostlar gr. for «utsending» med fullmakt til å tala på vegner av herren sin. =tenester. Han peika ut tolv, {{som han òg kalla apostlar,}} for at dei skulle vera med han, og for at han kunne senda dei ut for å forkynna 15og ha makt til å driva ut vonde ånder. 16#Joh 1,42#3,16 Han peika ut dei tolv Orda manglar i mange handskrifter. Simon … Peter Peter er gr. for «berg». Jf. Matt 16,18. {{Han peika ut dei tolv:}} Det var Simon, som han kalla Peter, 17Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans – desse to kalla han Boanerges, det tyder toresøner – 18#3,18 Kananeos er eit aram. ord med same tyding som det gr. ordet for «selot». Jf. Luk 6,15. =retningar innanfor jødedomen. og Andreas, Filip og Bartolomeus, Matteus, Tomas og Jakob, son til Alfeus, Taddeus, Simon Kananeos 19#14,10f#3,19 Iskariot Tydinga av ordet er usikker. Somme set namnet i samband med eit aram. ord for «den falske», andre tolkar det som «ein mann frå Kerijot», ein stad i Judea. og Judas Iskariot, han som sveik han.
Jesu makt over vonde ånder
(Matt 12,22–32; Luk 11,14–23)
20 # 6,31 Med det same han kom heim, strøymde folk på nytt saman, så Jesus og læresveinane ikkje eingong fekk tid til å eta. 21Då hans eigne fekk høyra det, fór dei av stad for å ta hand om han. «Han må vera reint ifrå seg», sa dei.
22 # 2 Kong 1,2; Matt 9,34; 10,25; 12,24.27; Mark 3,22; Luk 11,15ff # 3,22 Beelsebul namn på =djevelen. Men dei skriftlærde som var komne frå Jerusalem, sa: «Beelsebul har fare i han! Det er ved hjelp av herskaren over dei vonde åndene at han driv dei vonde åndene ut.» 23#3,23 likningar ein biletleg måte å tala på som er typisk for Jesus. =likning. Då kalla han dei til seg og tala til dei i likningar: «Korleis kan Satan driva ut Satan? 24Kjem eit rike i strid med seg sjølv, kan det riket ikkje bli ståande, 25og kjem eit hus i strid med seg sjølv, kan det huset ikkje bli ståande. 26Har no Satan sett seg opp mot seg sjølv og er komen i strid med seg sjølv, kan han ikkje stå seg. Det er ute med han. 27#Jes 49,24f Men ingen kan gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje først har bunde den sterke. Då kan han plyndra huset hans.
28 # 3,28 Sanneleg gjev att det hebr. ordet amen, «det står fast», «det er sikkert og sant». =amen. Sanneleg, eg seier dykk: Alt skal menneska få tilgjeving for, både synder og spott, kor mykje dei enn spottar. 29#Hebr 6,4ff; 10,26; 1 Joh 5,16 Men den som spottar Den heilage ande, får i all æve ikkje tilgjeving, men er skuldig i evig synd.»
30 # Joh 7,20 Dette sa han fordi dei hadde sagt: «Han har ei urein ånd i seg.»
Jesu sanne familie
(Matt 12,46–50; Luk 8,19–21)
31 # 6,3 Då kom Jesu mor og syskena hans. Dei vart ståande utanfor, men sende bod inn og bad han koma ut. 32#3,32 brørne dine og systrene dine Nokre handskrifter har berre «brørne dine». Jf. òg Matt 12,47 og Luk 8,20. Det sat ein stor flokk omkring han, og dei sa til han: «Mor di og brørne dine {{og systrene dine}} står utanfor og spør etter deg.» 33#3,33 syskena mine =sysken. Jesus svara: «Kven er mor mi og syskena mine?» 34Og han såg på dei som sat omkring han, og sa: «Sjå, her er mor mi og syskena mine! 35Den som gjer Guds vilje, er bror min, syster mi og mor mi.»

Markert nå:

Markus 3: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring