Matteus 1

1
Jesu barndom
(Kap. 1–2)
Jesu ættetavle
(Luk 3,23–38)
1 # 1 Mos 22,18; 1 Krøn 17,11 # 1,1 Evangeliet etter Matteus Nokre handskrifter har ein kortare ordlyd: «Etter Matteus». =evangelium. Dette er ættetavla til Jesus Kristus, Davids son og Abrahams son: #1,1 ættetavla eller «slektshistoria», jf. 1 Mos 5,1; 6,9; 10,1; 11,27; 25,19; 37,2.
2 # 1 Krøn 2,1ff Abraham fekk sonen Isak, Isak fekk Jakob, Jakob fekk Juda og brørne hans. 3Juda fekk sønene Peres og Serah med Tamar. Peres fekk sonen Hesron, Hesron fekk Aram, 4Aram fekk Amminadab, Amminadab fekk Nahsjon, Nahsjon fekk Salma, 5#Rut 4,13ff Salma fekk sonen Boas med Rahab, Boas fekk sonen Obed med Rut, Obed fekk Isai, 6og Isai vart far til David, kongen.
David fekk sonen Salomo med kona til Uria, 7#1 Krøn 3,10ff Salomo fekk sonen Rehabeam, Rehabeam fekk Abia, Abia fekk Asa, 8Asa fekk Josjafat, Josjafat fekk Joram, Joram fekk Ussia, 9Ussia fekk Jotam, Jotam fekk Ahas, Ahas fekk Hiskia, 10Hiskia fekk Manasse, Manasse fekk Amon, Amon fekk Josjia, 11#2 Kong 24,10ff og Josjia vart far til Jojakin og brørne hans; det var på den tid då folket vart bortført til Babylon.
12 # 1 Krøn 3,17ff Etter at dei vart førte til Babylon, fekk Jojakin sonen Sjealtiel, Sjealtiel fekk Serubabel, 13Serubabel fekk Abiud, Abiud fekk Eljakim, Eljakim fekk Asor, 14Asor fekk Sadok, Sadok fekk Akim, Akim fekk Eliud, 15Eliud fekk Eleasar, Eleasar fekk Mattan, Mattan fekk Jakob, 16#27,17.22 og Jakob vart far til Josef, mannen til Maria. Av henne vart Jesus fødd, han som blir kalla Kristus.
17Slik er det i alt fjorten slektsledd frå Abraham til David, fjorten slektsledd frå David til bortføringa til Babylon og fjorten slektsledd frå bortføringa til Babylon fram til Kristus.
Jesus blir fødd
(Luk 2,1–7)
18 # Luk 1,26ff # 1,18 lova bort kan òg omsetjast «trulova». Etter jødisk skikk var trulovinga ein offentleg og bindande avtale mellom foreldra og kunne berre oppløysast ved skilsmisse. Det ekteskapelege samlivet tok først til med bryllaupet. Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, viste det seg at ho var med barn ved Den heilage ande. 19Josef, mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille. 20Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. 21#Sal 130,7f; Apg 4,12#1,21 Jesus gr. form av hebr. Jesjua, «Herren frelser», kortform av Jehosjua, ofte attgjeve «Josva». Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.» 22Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:
23 # Jes 7,14 # 1,23 Immanuel to hebr. ord: immánu («med oss»), El («Gud»). Jf. Jesu lovnad i 28,20 om at han «er med» læresveinane sine. Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son,
og dei skal gje han namnet Immanuel
– det tyder: Gud med oss.
24Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som Herrens engel hadde bode han og tok Maria heim til seg som kona si 25#Luk 2,21 og levde ikkje saman med henne før ho hadde fødd son sin. Og han gav han namnet Jesus.

Markert nå:

Matteus 1: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring