3. Mosebok 12

12
Reinsing etter fødsel
1 Herren sa til Moses: 2#15,19 Sei til israelittane: Når ei kvinne er med barn og føder ein gut, er ho urein i sju dagar. Ho er urein like lenge som menstruasjonsdagane sine. 3#1 Mos 17,12; Luk 1,59; 2,21 Den åttande dagen skal forhuda til guten skjerast bort. 4Kvinna skal venta i trettitre dagar medan blodet hennar blir reinsa. Ho må ikkje røra noko heilagt og ikkje koma til heilagdomen før reinsingsdagane er over. 5Dersom ho føder ei jente, er ho urein i to veker, som ved menstruasjon. Og ho skal venta i sekstiseks dagar medan blodet hennar blir reinsa. 6Når reinsingsdagane for ein son eller ei dotter er over, skal ho koma til inngangen til teltheilagdomen, til presten, med eit årsgammalt lam som brennoffer og ein dueunge eller ei turteldue som syndoffer. 7Han skal ofra det for Herrens andlet og gjera soning for henne, så ho blir rein etter blødinga. Dette er lova for den som føder ein gut eller ei jente.
8 # 5,7; Luk 2,24 Men dersom ho ikkje har nok til eit lam, skal ho ta to turtelduer eller to dueungar, den eine til brennoffer og den andre til syndoffer. Presten skal gjera soning for henne så ho blir rein.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring