Josva 18

18
Loddkasting i Sjilo
1 # 18,1 Sjilo viktig by i Efraim, før kongetida eit religiøst og politisk sentrum for stammane i Israel. Jf. 1 Sam 1,3; 4,3ff. teltheilagdomen =Guds bustad. Heile Israels forsamling samla seg i Sjilo og sette opp teltheilagdomen der. For no hadde dei lagt landet omkring under seg. 2Men sju av stammane til israelittane hadde enno ikkje fått sin del av arven. 3Då sa Josva til israelittane: «Kor lenge vil de venta før de går og hærtek det landet som Herren, dykkar fedrars Gud, har gjeve dykk? 4Vel ut tre mann frå kvar stamme som eg kan senda ut. Dei skal gjera seg klare og dra omkring i landet og skriva opp eigedomane kvar stamme skal arva, og så koma tilbake til meg. 5Del landet i sju delar. Juda skal bli buande på sitt område i sør, og Josefs ætt på sitt område i nord. 6Skriv opp det de finn ut om dei sju landsdelane og gjev det til meg, så skal eg kasta lodd for dykk her, framfor Herren vår Guds andlet. 7#13,14.33 Levittane skal ikkje ha nokon del saman med dykk, for prestetenesta for Herren er deira arv. Gad og Ruben og halvparten av stammen til Manasse har alt fått sitt land på den andre sida av Jordan, mot aust, det som Moses, Herrens tenar, gav dei.»
8Mennene som skulle gå og skriva ned det dei fann ut om landet, gjorde seg klare til å dra, og Josva sa til dei: «Gå omkring i landet og skriv opp alt de ser! Kom så tilbake til meg, så skal eg kasta lodd for dykk, framfor Herren vår Gud, her i Sjilo.» 9Mennene gjekk av stad og drog gjennom heile landet. På ein bokrull skreiv dei opp det dei fann ut om byane i dei sju landsdelane. Så gjekk dei tilbake til Josva i leiren ved Sjilo. 10Og Josva kasta lodd for dei der, framfor Herrens andlet. Der delte Josva landet mellom israelittane, kvar stamme fekk sin del.
Benjamins land
11 # 1 Mos 49,27; 5 Mos 33,12 Det første loddet fall på Benjamin-stammen, slekt for slekt. Dei fekk området mellom stammane til Juda og Josef. 12Grensa deira mot nord gjekk ut frå Jordan og oppover høgdedraget nord for Jeriko og vidare vestover fjellet fram til ørkenen ved Bet-Aven. 13#1 Mos 28,19 Derifrå gjekk grensa sørover mot Lus, til høgdedraget ved Lus, det vil seia Betel, og så ned til Atrot-Addar, til fjellet sør for Nedre Bet-Horon. 14Så svinga grensa og gjekk sørover i ein boge på vestsida av fjellet sør for Bet-Horon, til ho enda i Kirjat-Baal, det vil seia Kirjat-Jearim, ein by som høyrde Juda til. Dette var vestgrensa. 15Grensa mot sør gjekk frå utkanten av Kirjat-Jearim. Ho gjekk vestover til Neftoah-kjelda, 16#15,8 og gjekk så ned til foten av det fjellet som ligg midt imot Ben-Hinnom-dalen, nord for Refa'im-dalen. Derifrå gjekk ho gjennom Hinnom-dalen på sørsida av Jebusitt-høgda ned til Rogel-kjelda. 17#15,6 Der svinga grensa mot nord, gjekk fram til Sjemesj-kjelda og Gelilot, som ligg midt imot Adummim-høgda, og så ned mot steinen til Bohan, son til Ruben. 18Så gjekk ho nordover til høgdedraget ovanfor Araba-sletta og ned i dalen. 19Der heldt grensa fram til høgda ved Bet-Hogla og enda i den nordlegaste vika av Saltsjøen, ved munningen av Jordan. Dette var grensa mot sør. 20Jordan var grensa mot aust. Dette var eigedomen til Benjamin-stammen, slekt for slekt, og grensene omkring han.
21Byane som Benjamin-stammen fekk, slekt for slekt, var Jeriko, Bet-Hogla og Emek-Kesis, 22Bet-Haaraba, Semarajim og Betel, 23Haavvim, Happara og Ofra, 24Kefar-Haammoni, Haofni og Geba, tolv byar og landsbyane omkring. 25Vidare: Gibeon, Rama og Beerot, 26Mispe, Kefira og Mosa, 27Rekem, Jirpeel og Tarala, 28Sela, Ha'elef og Jebus, det er Jerusalem, Gibea og Kirjat-Jearim, fjorten byar og landsbyane omkring. Dette var eigedomen til Benjamins etterkomarar, slekt for slekt.

Markert nå:

Josva 18: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring