Jona 2

2
Herren bergar Jona frå djupet
1 Herren sende ein stor fisk for å sluka Jona, og Jona var i buken på fisken i tre dagar og tre netter. 2Jona bad til Herren sin Gud frå buken på fisken. 3#Sal 50,15+; 88,5ff; 130,1; Klag 3,55f Han sa:
Eg kalla på Herren i mi naud,
og han svara meg.
Eg ropa om hjelp frå djupaste dødsriket,
og du høyrde meg.
4 # Sal 42,8 Du kasta meg i djupet
midt ute på havet,
straumen omgav meg.
Alle dine brot og bølgjer
slo over meg.
5 # Sal 31,23 Eg tenkte:
Eg er driven bort frå dine auge.
Skal eg aldri meir få lyfta blikket
mot ditt heilage tempel?
6 # Sal 69,2; Klag 3,54 Vatnet lukka seg om strupen,
djupet kringsette meg,
sivet vikla seg om hovudet.
7 # Sal 103,4 Til foten av fjella sokk eg ned.
Bommane til portane på jord
slo att bak meg for alltid.
Men du, Herre, min Gud,
førte meg levande opp or grava.
8 # Sal 18,7 Då livet mitt svann bort,
hugsa eg på Herren,
og bøna mi nådde til deg,
til ditt heilage tempel.
9 # Sal 31,7+ Dei som held seg til vind og fåfengd,
har svikta sin kjærleik.
10 # Sal 50,14+ Men eg vil ofra til deg med takkesong.
Det eg har lova, vil eg halda.
Frelsa kjem frå Herren.
11Då tala Herren til fisken, og han spydde Jona opp på tørt land.

Markert nå:

Jona 2: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring