Job 3

3
1 # Jer 20,14–18 Til sist opna Job munnen og forbanna den dagen han vart fødd.
Første talerunden
(Kap. 3–28)
Job: Bort med den dagen
2Job tok til ords og sa:
3 # Jer 15,10 Bort med den dagen eg vart fødd,
den natta det vart sagt: «Ein gut er unnfanga.»
4Den dagen – lat han bli mørker,
så Gud i det høge ikkje spør etter han
og dagslys aldri fell på han!
5Lat mørker og dødsskugge få han,
lat skyer kvila over han
og formørking skremma han!
6Den natta – lat mørke skuggar ta henne
så ho ikkje finst mellom dagane i året
og ikkje kjem med når månader skal teljast.
7Ja, måtte den natta bli ufruktbar
og glederop ikkje høyrast.
8 # Jes 27,1 # 3,8 Leviatan stort sjødyr, ofte gudfiendtleg makt. Jf. 40,20ff; 41,1ff; Sal 74,14; Jes 27,1. =havet. Lat dei lysa forbanning over henne,
dei som manar fram ulukkedagar,
dei som kan vekkja Leviatan.
9Lat hennar morgonstjerner slokna,
lat ho venta på lys som ikkje kjem,
og aldri sjå morgonròden slå auga opp!
10For ho stengde ikkje morlivs dører for meg
og løynde ikkje lidinga for auga mine.
11 # 10,18f; Fork 4,2f Kvifor døydde eg ikkje då eg vart fødd,
anda ut då eg kom frå mors liv?
12Kvifor tok dei meg på fanget,
la meg til brystet for å suga?
13No kunne eg ha lege i ro,
sovna og så fått kvila
14 # Jes 14,9ff med kongar og rådgjevarar på jorda,
dei som bygde der det no er ruinar,
15eller med stormenn som hadde gull
og fylte husa sine med sølv.
16 # 3,11f; 10,18f; Jer 20,17 Då hadde eg ikkje vore til,
lik eit foster som døyr i løynd,
lik eit spedbarn som aldri såg dagens lys.
17I grava har dei urettferdige rasa frå seg,
der kviler dei som har tømt sine krefter.
18Fangar har fred,
dei høyrer ikkje vaktarens rop.
19 # 21,23–26; Fork 9,2f Der er både små og store,
der er tenaren fri frå herren sin.
20Kvifor gjev dagen lys til den som lid,
og liv til dei ulukkelege,
21 # Op 9,6 til dei som ventar fåfengt på døden
og søkjer døden meir enn løynde skattar,
22til dei som glade ville ha jubla
og fryda seg om dei fann ei grav,
23 # 19,8+ til ein mann som ikkje finn veg
fordi Gud stengjer for han?
24 # Sal 42,4; 102,10 Mine sukk har vorte mitt brød,
klageropa mine strøymer som vatn.
25Det eg fryktar mest, er over meg.
Det eg gruar for, kjem no.
26 # 3,17 Eg får ikkje fred, ikkje ro, ikkje kvile,
så opprørt er eg.

Markert nå:

Job 3: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring