Job 24

24
Gud bryr seg ikkje om urett
1 # 24,1 hans dagar er den tida då Herren handlar og hans makt blir synleg for alle. Jf. Am 5,18. Når tidene som går, ikkje er løynde for Den veldige,
kvifor får ikkje dei som kjenner han, sjå hans dagar?
2 # 5 Mos 19,14; Ordt 22,28 Folk flytter grensesteinar.
Dei stel småfe og sender dei på beite.
3 # 5 Mos 24,17 Eselet til farlause hentar dei.
Dei tek pant i oksane til enkjer.
4Dei tvingar fattigfolk av vegen,
dei hjelpelause i landet må gøyma seg.
5Som villesel i ørkenen går dei til si gjerning.
Dei jaktar på bytte i øydemarka, mat for borna sine.
6 # 3 Mos 19,9f; Rut 2,2f Dei sankar aks på åkrane,
etterhaust på vinmarkene til dei urettferdige,
7 # 5 Mos 24,12f nakne mot natta, utan klede
og utan vern mot kulden.
8Regnet i fjellet gjer dei våte.
Utan livd trykkjer dei seg mot berget.
9Somme riv farlause born frå morsbrystet.
Dei krev pant av fattige,
10av dei som går omkring utan klede,
dei som svoltne må bera på kornband.
11 # Jak 5,4 Dei pressar olje mellom trerekkjene,
dei trakkar vinpressa, men tørstar.
12 # Fork 4,1 Frå byen høyrest stønn av døyande,
såra skrik om hjelp.
Men Gud bryr seg ikkje om deira bøn.
13 # Joh 3,20 Andre gjer opprør mot lyset.
Dei kjenner ikkje lysets vegar,
held seg ikkje til lysets stigar.
14 # Sal 10,8f Ein mordar står opp før sola,
han drep hjelpelause og fattige,
om natta er han som ein tjuv.
15 # Jes 29,15; Esek 8,12 Horkarens auge vaktar på skumringa:
«Ingen ser meg», seier han
og dekkjer andletet til.
16I mørkret bryt dei seg inn i hus.
Om dagen stengjer dei seg inne:
Dei vil ikkje vita av lyset.
17For dei er dødsskugge som ein morgon.
Dei kjenner til skremslene frå dødsskuggen.
18Dei forsvinn som krusingar på vatnet.
Deira arvedel i landet er forbanna,
ingen tek vegen til vinmarkene deira.
19Tørke og hete tek snøvatnet bort,
dødsriket sluker dei som syndar.
20 # Jes 26,14 Morslivet gløymer dei,
makken fortærer dei,
ingen minnest dei meir.
Uretten blir knekt som eit tre.
21Dei var vonde mot den barnlause, ho som ikkje fødde,
og gjorde ikkje godt mot enkjer.
22Gud riv dei sterke bort med sin styrke.
Når han reiser seg, er ingen sikker for sitt liv.
23Han gjev dei tryggleik og støtte,
men auga hans følgjer vegane deira.
24 # 21,13 Ei stund er dei opphøgde, så er det slutt.
Dei bøyest som alle andre og visnar,
blir skorne som mogne aks.
25Er det ikkje slik?
Kven kan seia at eg lyg?
Kven kan gjera orda mine til inkjes?

Markert nå:

Job 24: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring