Jeremia 40

40
Jeremia blir i landet
1Dette ordet kom til Jeremia frå Herren etter at livvaktsjefen Nebusaradan hadde sleppt han fri i Rama. Han hadde henta han medan han var lenkja mellom alle fangane frå Jerusalem og Juda som skulle førast til eksil i Babel.
2Då livvaktsjefen henta Jeremia, sa han til han: «Herren din Gud har varsla den ulukka som kom over denne staden, 3og Herren har sendt henne og gjort som han hadde sagt fordi de synda mot Herren og ikkje ville lyda han. Difor har dette hendt dykk. 4Sjå, i dag løyser eg deg frå lenkjene som hendene dine er bundne med. Vil du, kan du bli med meg til Babel, og der skal eg halda auge med deg. Men vil du ikkje bli med meg til Babel, kan du la vera. Sjå, heile landet ligg ope for ditt andlet, og du kan gå der du synest det er godt og rett.» 5#2 Kong 25,22 Jeremia gjekk framleis ingen stader. «Så gå tilbake til Gedalja, son til Ahikam, Sjafans son, som kongen av Babel har sett til å ha tilsyn med byane i Juda. Du kan bu hos han mellom folket der eller gå kvar du synest det er rettast.» Så gav livvaktsjefen han niste og gåver og lét han gå. 6Jeremia fór til Gedalja, son til Ahikam, i Mispa og vart buande hos han, mellom folket som var att i landet.
Gedalja som styresmann i Juda
7 # 2 Kong 25,23 No fekk alle hærførarane og soldatane kringom i landet høyra at kongen av Babel hadde sett Gedalja, son til Ahikam, til å styra landet. Han hadde sett han over menn, kvinner og born og over dei fattigaste i landet som ikkje var førte i eksil til Babel. 8Då kom hærførarane til Gedalja i Mispa med mennene sine: Ismael, son til Netanja, Johanan og Jonatan, søner av Kareah, Seraja, son til Tanhumet, sønene til Efai frå Netofa og Jesanja, son til ein mann frå Maaka.
9 # 2 Kong 25,24 Gedalja, son til Ahikam, Sjafans son, gjorde eid til dei og mennene deira og sa: «Ver ikkje redde for å tena kaldearane! Ver i landet og ten kongen av Babel, så skal det gå dykk godt. 10Eg blir buande i Mispa for å stå til ansvar for kaldearane når dei kjem til oss. Men de skal hausta vindruer, frukt og oliven og samla det i kjerald, og de kan bu i dei byane de har teke.»
11Også alle judearane som var i Moab, Ammon og Edom og alle andre land, fekk høyra at kongen av Babel hadde late ein rest vera att i Juda, og at han hadde sett Gedalja, son til Ahikam, Sjafans son, til å ha tilsyn med dei. 12Alle desse judearane forlét då dei stadene dei var drivne bort til, og fór attende til Juda. Dei kom til Gedalja i Mispa, og dei hausta inn vindruer og frukt i store mengder.
Drapet på Gedalja
13Johanan, son til Kareah, og alle hærførarane ute i landet kom til Gedalja i Mispa 14og sa til han: «Veit du at ammonittkongen Baalis har sendt Ismael, son til Netanja, for å drepa deg?» Men Gedalja, son til Ahikam, trudde dei ikkje. 15#42,15 I løynd sa Johanan, son til Kareah, til Gedalja i Mispa: «Lat meg gå og drepa Ismael, son til Netanja, utan at nokon får vita det. Kvifor skal han ta livet av deg, så alle judearane som har samla seg om deg, blir spreidde og det som er att av Juda, går til grunne?» 16Men Gedalja, son til Ahikam, sa til Johanan, son til Kareah: «Gjer ikkje det, for det er løgn, det du seier om Ismael.»

Markert nå:

Jeremia 40: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring