Jeremia 13

13
Det øydelagde beltet
1Dette sa Herren til meg: «Gå og kjøp deg eit belte av lin og spenn det om livet, men lat det ikkje koma i vatn!» 2Eg kjøpte då eit belte, som Herren hadde sagt, og spente det om livet.
3Då kom Herrens ord til meg andre gongen: 4«Ta beltet du kjøpte, det du har om livet, og stå opp og gå til Eufrat! Der skal du gøyma det i ein bergsprekk.» 5Så gjekk eg og gøymde det attmed Eufrat, slik Herren hadde sagt meg.
6Lang tid etter sa Herren til meg: «Stå opp, gå til Eufrat og hent beltet som eg baud deg å gøyma der!» 7Eg gjekk til Eufrat og grov opp beltet og tok det bort frå staden der eg hadde gøymt det. Og sjå, då var beltet øydelagt og dugde ikkje til noko.
8Då kom Herrens ord til meg: 9Så seier Herren: Slik vil eg øydeleggja det store overmodet i Juda og i Jerusalem. 10Dette vonde folket nektar å høyra på mine ord, dei følgjer sitt eigenrådige hjarte og følgjer andre gudar for å tena dei og tilbe dei. Som beltet skal dei bli, det som ikkje duger til noko. 11#5 Mos 26,19 For slik beltet sluttar tett om livet på mannen, slik har eg slutta heile Israels hus og heile Judas hus til meg, seier Herren, så dei skulle vera mitt folk, til ære, pris og pryd for meg. Men dei ville ikkje høyra.
Dei knuste vinkrukkene
12Du skal seia dette ordet til dei: Så seier Herren, Israels Gud: Kvar krukke skal fyllast med vin. Dei kjem til å seia til deg: «Trur du ikkje vi veit at kvar krukke skal fyllast med vin!» 13#25,15ff; Esek 23,33 Då skal du seia til dei: Så seier Herren: Sjå, eg fyller alle som bur i dette landet, både kongane som sit på Davids trone, prestane, profetane og alle som bur Jerusalem, og dei blir fulle. 14Eg skal knusa den eine mot den andre, både fedrar og søner, seier Herren. Eg viser ikkje medkjensle, skånar ikkje og er ikkje miskunnsam; eg skal øydeleggja dei.
Ver ikkje hovmodige
15Høyr og lytt, ver ikkje hovmodige!
For Herren talar.
16 # Op 14,7 Gjev Herren dykkar Gud ære
før han gjer det mørkt,
før de snublar og fell
på fjella i skumringa.
De vonar på lys,
men han gjer det til dødsskugge
og tjukk skodde.
17 # 9,1; 14,17 Men vil de ikkje høyra på dette,
må sjela mi gråta i løynd
over hovmodet dykkar,
gråta og gråta, tårene renn frå auga,
for Herrens flokk blir ført i fangenskap.
18 # Klag 5,16; Esek 21,31 # 13,18 kongen og kongens mor truleg kong Jojakin og Nehusjta, mor hans, som måtte gje seg over til babylonarane i 597 f.Kr. Jf. 2 Kong 24,8ff. Sei til kongen og kongens mor:
Set dykk lenger nede!
For den staselege krona
har falle av hovudet dykkar.
19Byane i Negev er stengde,
det er ingen som opnar.
Heile Juda er ført i eksil,
bortført til siste mann.
Jerusalems skam
20 # 13,20 du Det er Jerusalem det blir tala til. Jf. v. 27. Lyft auga og sjå
dei som kjem frå nord!
Kvar er flokken du fekk,
dei staselege sauene dine?
21Kva vil du seia
når tiltrudde menn som du sjølv har lært opp,
blir sette til befalingsmenn over deg?
Då blir du gripen av rier
som ei fødande kvinne.
22 # Jes 47,2f; Nah 3,5 Du seier i hjartet:
«Kvifor skal dette henda meg?»
På grunn av di store skuld
vart kjolekanten lyft opp
og lemene utsette for vald.
23 # Sal 55,20 # 13,23 Kusj afrikansk land og folk sør for Egypt, langs Nilen. Jf. 1 Mos 2,13; Jes 18,1. Kan ein frå Kusj skifta si hud
eller ein leopard sine flekker?
Då kunne òg de gjera godt,
de som er lærte opp til å gjera vondt.
24 # Job 21,18; Sal 1,4 Eg skal spreia dei lik halmstrå
som fyk av stad med ørkenvinden.
25Det blir din lut,
den del eg måler opp for deg,
seier Herren,
fordi du gløymde meg
og sette di lit til løgn.
26Eg skal sjølv lyfta kjolekanten
opp over andletet på deg
så dei kan sjå di skam,
27ditt ekteskapsbrot, di vrinsking
og ditt skamlause horeliv.
Eg såg det motbydelege du dreiv med
på haugane og ute på marka.
Ve deg, Jerusalem, du som ikkje reinsar deg!
Kor lenge skal dette vara?

Markert nå:

Jeremia 13: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring