Jesaja 62

62
Sion får att sin herlegdom
1 # 46,13; 56,1 For Sions skuld vil eg ikkje teia,
for Jerusalems skuld vil eg ikkje vera roleg
før hennar rettferd bryt fram som lysglans
og hennar frelse brenn som ein fakkel.
2 # 65,15; Op 2,17 Folkeslag skal sjå di rettferd
og alle kongar din herlegdom.
Du skal få eit nytt namn
som Herren sjølv skal kunngjera.
3 # Op 2,10 Du skal bli ein herleg krans i Herrens hand,
eit kongeleg diadem i din Guds opne hand.
4 # 60,15 # 62,4 Den eg har teke til ekte >54,5. Du skal ikkje lenger kallast Den forlatne,
og landet skal ikkje lenger kallast Det som er lagt audt.
Men du skal heita Den eg har kjær,
og landet ditt Den eg har teke til ekte.
For Herren har deg kjær
og vil ta landet til ekte.
5 # Sef 3,17 Som ein ungdom gifter seg med ei jomfru,
skal dine søner gifta seg med deg,
som ein brudgom gleder seg over si brur,
skal din Gud gleda seg over deg.
6 # 52,8 Eg har sett vaktmenn ut
på murane dine, Jerusalem.
Dei skal aldri teia,
korkje dag eller natt.
De som påkallar Herren,
unn dykk ikkje ro!
7 # 61,11; Luk 18,1ff Lat han ikkje få ro
før han byggjer Jerusalem opp att
og gjer henne til ein lovsong på jorda.
8 # 65,21f Herren sver ved si høgre hand
og ved sin veldige arm:
Eg vil aldri meir gje kornet ditt
til mat for fiendane dine,
og ikkje skal framande drikka den nye vinen
som du har slite for.
9 # 5 Mos 12,17ff Nei, dei som haustar, skal eta
og prisa Herren.
Dei som sankar, skal drikka
i mine heilage tempelgardar.
10 # 57,14 Fram, fram gjennom portane,
rydd veg for folket!
Bygg veg, bygg veg
og reins han for stein!
Reis eit banner for folka!
11 # 40,10; Sak 9,9; Matt 21,5; Op 22,12 Høyr, Herren lèt det høyrast til enden av jorda:
Sei til dotter Sion:
Sjå, di frelse kjem!
Dei han fekk som løn, er med han,
dei han vann, går føre han.
12 # 5 Mos 7,6; Jes 51,11; 62,4 Dei skal kallast Det heilage folket,
dei som er løyste ut av Herren,
og sjølv skal du kallast Den etterspurde,
byen som ikkje er forlaten.

Markert nå:

Jesaja 62: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring