Hosea 11

11
Guds kjærleik til Israel
1 # 2 Mos 4,22; Matt 2,15 Då Israel var ung,
fekk eg han kjær,
frå Egypt kalla eg son min.
2Men jo meir eg ropa på dei,
dess meir gjekk dei bort frå meg.
Dei ofra til Baal-gudane,
tende offereld for gudebilete.
3 # 2 Mos 19,4+; Jes 63,9; Hos 7,15 Det var eg som lærte Efraim å gå
og tok dei på armen.
Men dei skjøna ikkje at eg gjorde dei friske.
4 # 11,4 spedbarn kan òg omsetjast «åk». Eg drog dei med menneskeband,
med kjærleiks tau.
Eg var lik ein som lyfter eit spedbarn opp til kinnet,
eg bøygde meg ned og gav dei mat.
5Dei skal ikkje venda attende til Egypt,
men Assur skal vera kongen deira,
for dei nekta å venda om.
6 # 14,1 Sverdet skal rasa i byane deira,
bryta sund bommane og eta om seg
for deira planar skuld.
7Folket mitt heng fast ved sitt fråfall frå meg.
Dei ropar saman til han som er i det høge,
men han reiser dei ikkje opp.
8 # 5 Mos 29,23; Jer 31,20 Korleis kan eg oppgje deg, Efraim,
overgje deg, Israel?
Korleis kan eg oppgje deg som Adma,
gjera med deg som med Sebojim?
Hjartet vender seg i meg,
all mi medkjensle vaknar.
9 # 4 Mos 23,19+ Eg vil ikkje følgja min brennande vreide,
ikkje øydeleggja Efraim ein gong til.
For eg er Gud og ikkje eit menneske,
heilag midt imellom dykk.
Eg vil ikkje koma med redsle.
10 # 3,5; 5,14 Herren skal dei følgja,
som ei løve skal han brøla.
Når han brøler, skal borna hans
koma skjelvande frå vest.
11Skjelvande skal dei koma
som ein fugl frå Egypt,
som ei due frå Assur.
Eg vil la dei bu i husa sine,
seier Herren.

Markert nå:

Hosea 11: N11NN

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring