1. Mosebok 17

17
Pakta og paktteiknet
1 # 17,1 Gud, Den veldige hebr. El sjaddai. Gammalt hebr. gudsnamn med usikker tyding. Ifølgje 2 Mos 6,3 vart dette gudsnamnet nytta før namnet JHWH, Herren, vart openberra for Moses, jf. 2 Mos 3,14. =Guds namn. Då Abram var 99 år gammal, synte Herren seg for han og sa:
«Eg er Gud, Den veldige.
Lev for mitt andlet,
ver heil i di ferd!
2 # 13,16+ Eg vil gjera ei pakt
mellom meg og deg
og gjera deg umåteleg stor.»
3Då kasta Abram seg ned med andletet mot jorda, og Gud sa til han:
4«Sjå, dette er mi pakt med deg:
Du skal bli far til ei mengd folkeslag.
5 # Neh 9,7; Jes 51,2; Rom 4,17 # 17,5 Abram, Abraham Den nye pakta med Gud blir markert med eit nytt namn. Begge namna tyder truleg «Far er opphøgd». Men Abraham blir her sett i samband med eit hebr. ord som tyder «mengd». Du skal ikkje lenger heita Abram,
men Abraham skal namnet ditt vera;
for eg gjer deg til far for mange folkeslag.
6Eg vil gjera deg svært fruktbar, ja, gjera deg til mange folkeslag. Kongar skal gå ut frå deg. 7Eg vil oppretta mi pakt mellom meg og deg og etterkomarane dine frå slekt til slekt, ei evig pakt: Eg vil vera Gud for deg og etterkomarane dine. 8#12,7+ Landet du bur i som innflyttar, heile Kanaan, vil eg gje deg og etterkomarane dine i eige til evig tid. Og eg vil vera deira Gud.»
9Så sa Gud til Abraham: «Du skal halda pakta mi, både du og etterkomarane dine, frå slekt til slekt. 10#3 Mos 12,3; Apg 7,8; Rom 4,11 Dette er pakta de skal halda, pakta mellom meg og dykk og etterkomarane dine: Alt av hannkjønn hos dykk skal omskjerast. 11De skal la forhuda bli omskoren, og det skal vera teiknet på pakta mellom meg og dykk. 12Kvart gutebarn hos dykk skal omskjerast når det er åtte dagar gammalt, i slekt etter slekt, både dei som er fødde i huset, og dei som er kjøpte for pengar hos framande, slike som ikkje er av di ætt. 13Både dei som er fødde i huset, og dei du har kjøpt for pengar, skal omskjerast. Såleis skal pakta mi vera ei evig pakt på kroppen dykkar. 14Men ein uomskoren, ein av hannkjønn som ikkje har fått forhuda omskoren, ein slik skal støytast ut frå folket sitt, for han har brote mi pakt.»
15 # 17,15 Sarai, Sara Den nye namneforma tyder «fyrstinne», og at ho som får dette namnet, skal bli mor til kongar, jf. v. 16. Og Gud sa til Abraham: «Sarai, kona di, skal du ikkje lenger kalla Sarai. Sara skal ho heita. 16Eg vil velsigna henne og gje deg ein son også med henne. Eg vil velsigna henne, og ho skal bli til folkeslag. Kongar over mange folk skal koma frå henne.»
17 # 18,12; Luk 1,18; Rom 4,19 # 17,17 lo Det er eit ordspel på hebr. mellom namnet Isak og ordet for «å le». Jf. v. 19. Då kasta Abraham seg til jorda og lo. Han sa til seg sjølv: «Kan ein som er hundre år gammal, få barn? Og kan Sara føda, ho som er nitti år gammal?» 18Og Abraham sa til Gud: «Måtte Ismael få leva for ditt andlet!» 19#18,10; 21,3; Hebr 11,11 Då sa Gud: «Sanneleg, Sara, kona di, skal føda deg ein son, og du skal kalla han Isak. Eg vil oppretta mi pakt med han, ei evig pakt for etterkomarane hans. 20#16,10+ Eg har høyrt di bøn for Ismael. Sjå, eg vil velsigna han og gjera han fruktbar og overmåte talrik. Tolv hovdingar skal han bli far til, og eg vil gjera han til eit stort folkeslag. 21#18,10.14; 21,1; Rom 9,9 Men pakta mi vil eg oppretta med Isak, som Sara skal føda deg neste år på denne tida.» 22Så var Gud ferdig med å tala med han, og han steig opp frå Abraham.
23Same dagen tok Abraham Ismael, son sin, og alle av hannkjønn i huset sitt, både dei som var fødde i huset, og dei som var kjøpte for pengar, og skar av forhuda på dei, slik som Gud hadde sagt til han. 24Abraham var 99 år gammal då forhuda hans vart omskoren. 25Og Ismael, son hans, var 13 år gammal då han vart omskoren. 26Same dagen vart dei omskorne, både Abraham og Ismael, son hans. 27Og alle mennene i huset hans, både dei som var fødde i huset, og dei som var kjøpte hos framande, vart omskorne saman med han.

Marker

Del

Kopier

None

Vil du ha høydepunktene lagret på alle enhetene dine? Registrer deg eller logg på

YouVersion bruker informasjonskapsler for å tilpasse opplevelsen din. Ved å bruke nettstedet vårt godtar du vår bruk av informasjonskapsler, som beskrevet i vår Personvernerklæring